Stort kyrkje-jubileum i Murmansk

Helga 12.-13. november 2022 var det stor feiring i den evangelisk-lutherske kyrkjelyden i Murmansk.

Forsamlinga markerte at det var 120 år sidan den første lutherske forsamlinga blei stifta i Aleksandrovsk, rett nord for byen Murmansk. Etter sytti år med sovjetstat og marxisme-leninisme oppstod ein luthersk kyrkjelyd på ny på 1990-talet. Det er den som nå feirar 30 år. Denne helga var det også tre år sidan det nye kyrkjebygget stod ferdig. Den gongen var mange frå Noreg med på opninga.

 

Her fortel presten Aleksander Voltsjok frå feiringa:

 

- Laurdag 12. november kom ein historikar frå Murmansk universitet. Ho fortalde om historia til luthersk kristendom i dei russiske nordområda før revolusjonen. Så heldt eg eit foredrag om livet til kyrkjelyden gjennom desse 30 åra. Gud har halde si hand over verksemda i både gode og vonde dagar.

 

Den lutherske kyrkjelyden i Murmansk driv eit vidfemnande diakonalt og sosialt arbeid. Fleire av desse gruppene medverka dei to dagane. Det gjorde også søndagsskulen og ungdomsgruppa i kyrkja. Aleksander fortel vidare:

 

- Søndag føremiddag 13. november heldt me høgtidsgudsteneste med utsendingar frå det evangelisk-lutherske kyrkjesamfunnet Inkerin Kirkko i Sankt Petersburg. Etter middagen kom fleire gjester og bar fram helsingar. Det var takkeord og lykkønskingar frå fylkesmannen i Murmansk og frå fylkestinget. Ein prest frå den ortodokse kyrkja helste kyrkjelyden. På video kom det lykkønskingar frå Noreg, Finland og frå andre kyrkjelyder i Russland. Noregs Samemisjon hadde gjeve ei stor blautkake til festen. Me vil takke misjonen så hjarteleg for den fine gåva!

 

- Eg er særlig glad for at dei offisielle gjestene på festen fekk sjå at me i denne vanskelege tida framleis har god kontakt med våre venner i Noreg og Finland. Denne jubileumshelga kom det mange som aldri før har vore i kyrkja vår. Eg håper me får sjå nokre av dei igjen. Herren nyttar ulike vegar til å føre menneske til samfunn med seg, avsluttar Aleksander Voltsjok.

  • Publisert