Slepp Samemisjonen inn att i Russland?
Me ventar no på avgjerda til russiske styresmakter.
Noregs Samemisjon ønskjer å utvide si diakonale og evangeliske verksemd på Kola-halvøya i Russland.
Målsettinga er å sende inn fleire predikant-lag kvart år. Me vil også gjerne byggje ut det diakonale arbeidet i direkte samarbeid med forsamlingane og husgruppene til Den evangelisk-lutherske ingermanlandske kyrkja i Murmansk fylke.
Nå ventar me på ei offisiell innbyding frå russiske styresmakter. Me reknar med svar i løpet av oktober månad. Får me grønt ljos, dreg i første omgang eit par utsendingar over grensa på ein kort tur. Dersom desse utsendingane stadfester at alt verkar greitt, vil Samemisjonen i løpet av vinteren sende fleire predikant-lag til Murmansk, Lujávri (Lovozero), Revda og Kandalaksja.
Gradvis håpar misjonen å få gode rutinar på plass slik at me kan trappe opp igjen den diakonale verksemda, særleg i dei samiske bygdene på Kola-halvøya.
Noregs Samemisjon er saman med kristne i Nord-Finland og Nord-Sverige i ferd med å byggje opp eit nettverk av støttespelarar til Den evangelisk-lutherske ingermanlandske kyrkja i Russland. På denne måten vil me stå sterkare og få betre høve til å samordne hjelpa til Kola-halvøya.
I den spente storpolitiske situasjonen som rår, må Noregs Samemisjon følgje både norske og russiske lover. Likevel ser me eit handlingsrom. Noregs Samemisjon meiner at det i denne vanskelege tida er særleg viktig at folk-til-folk-samarbeidet mellom samar, nordmenn og russarar held fram.
Nå ventar me på at russiske styresmakter skal godkjenne at Samemisjonen gjestar Kola-halvøya i haust.
BILETE: Frå den norsk-russiske grensa i Sør-Varanger.