Husgruppa i Lujávri på Kola-halvøya

Ei lita gruppe lutherske samar i Lujávri (Lovozero) har samlingar dei fleste søndagane.

Husgruppa i Lujávri har ikkje mange medlemmene. Men når dei kjem saman, syng dei salmar, bed og les i Skrifta. Dei arbeider òg med kristen trudomslære for å bli grunnfeste i si vedkjenning. Over altaret er det hengt opp ei tavle med program for samværet. Tema for samlinga søndag 5. februar 2023 var "ufortent nåde", "bøn ved omvending" og "truvedkjenninga".

 

Samemisjonen sin faste representant i Russland, Svetlana Sedneva, vitjar Lujávri med jamne mellomrom. Då deltek ho i samlingane. 

 

  • Publisert