Ei hjelpande hand til Kandalaksja

Trengande sør på Kola-halvøya får mat til påske.

Den evangelisk-lutherske forsamlinga i Kandalaksja

 

Heilt i sør på Kola-halvøya har Noregs Samemisjon hatt fast preikeplass i  Kandalaksja. No er det sjeldnare at det kjem predikant til denne byen. Men prest Aleksander Voltsjok i Murmansk og prost Vitalij Lutsjagov i Segezja i Karelen freistar ta turen så tidt dei kan.

 

Utsending

I påskeveka i år vitjar likevel ein russisk reisepredikant fleire av preikestadene på Kola-halvøya. Han heiter Vjatsjeslav og er utsending frå Den ingermanlandske evangelisk-lutherske kyrkja i Russland. På den måten får dei truande i Kandalaksja også i år høyre påskeevangeliet i si forsamling. 

 

Samekvinna Svetlana Sedneva frå Lujávri (Lovozero) var i over tjue år prosjektleiar for Noregs Samemisjon i Russland. No les ho nordsamisk språk ved Sámi Allaskuvla (Samisk høgskule) i Guovdageaidnu (Kautokeino) i Finnmark. 

 

Mathjelp

Svetlana har framleis kontakt med dei lutherske forsamlingane ut over Kola-halvøya. Denne påska har Svetlana Sedneva hjelpt Noregs Samemisjon på dugnad. Ho har ordna det slik at lutherske kristne i Kandalaksja kan dele ut mathjelp til folk i byen som har særleg bruk for det. Det er i god samemisjonstradisjon at Ordet og dei gode gjerningane verkar saman i forkynning og diakoni.

 

Det er vår bøn at denne praktiske hjelpa må minne hjelpemottakarane i Kandalaksja på den frelsa me eig ved Jesu død og oppstode. Nett som den fattige bed om mat, lyt syndaren be om Guds nåde. Og påske-evangeliet fortel at Gud er ein nådig Gud:

 

"Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar." (Rom 5, 8).

 

Svetlana Sedneva

  • Publisert