Byråkrati bremser visum
Det første predikantlaget på fire år vil til Russland, men møter motgang.
Passet til Samemisjonen sin generalsekretær ligg nå på det russiske konsulatet i Kirkenes og ventar på ei avklaring. Ei byråkratisk hindring gjer at konsulatet ikkje vil skrive ut visum.
På den offisielle innbydinga står det at visumet skal hentast "i Oslo", og ikkje "i Kirkenes". For Samemisjonen sine folk er det langt enklare å få visum i Kirkenes enn i Oslo. I Oslo krev det russiske konsultatet dessutan personleg frammøte, medan dei i Kirkenes kan ta i mot visumsøknader med brev.
Prest Aleksander Voltsjok i Murmansk arbeider nå for å løyse vanskane. I går vitja han migrasjonskontoret i Murmansk og fekk beskjed om at det går an å endre utskrivingsstad til Kirkenes, men han må då søkje heilt på nytt. Det medfører nye kostnader og forseinkingar. Men i det minste ser det ut til at hindringa kan overvinnast.
Dette tyder at det ikkje blir predikanttur til Kola-halvøya før jul. Men Noregs Samemisjon bur seg nå på å sende utsendingar tidleg i det nye året - så sant alt går i orden.