Hordaland krets
Velkommen til Hordaland krets!
Hordaland krets omfattar Hordaland og Sogn. Kretsen eig og driv leirstaden Fagertun. Hordaland krets og Møre og Romsdal krets utgjer Region Vestlandet.
Nyttårsfesten for Bergen krets fann stad i Hardanger
Frå begge sidene av Hardangerfjorden kom det folk til festen i Tørvikbygd som har ferjeforbindelse med Jondal. Det kom også folk fra Bergen, Bømlo, Øygarden og Masfjorden og elles frå Kvam herad. Gode støttespelarar frå lokalmiljøet ordna med det praktiske og tok godt i mot.30.01.2019
På møteturné i Sunnfjord og Nordfjord: Førde - Hyen - Florø
Det vart ein variert møteturné for Ove og Kari Laila Aksnes då dei besøkte tre møteplassar i Fjordane. Det fekk oppleve husmøte og bedehusmøte, by og bygd - og låg og god møtedeltaking.08.12.2018
Folk frå bygdene rundt Fjordly møter trufast opp på Samemisjonens samlingar.
Godt frammøte og god stemning på 90 MINUTTER samlinga på Fjordly Ungdomssenter torsdag 08.11.18.08.12.2018
Til Hyen - mellom fjord og vatn, under fjell og bre
Torsdag 18. oktober vitja Samemisjonen den vakre bygda Hyen i Gloppen kommune. Her innerst i Hyefjorden har dei ei kyrkje, men også fleire andre møteplassar å samlast på. Ekteparet Aksnes nytta både lesesalen og bukollektivet då dei var der.24.10.2018
Møtedeltakarar fekk misjonsinformasjon frå heimesida til NSM
Samemisjonen har dei siste åra vorte meir synleg i Nordfjord. Kretssekretæren i Møre og Romsdal har i stillinga si også å drive møteverksemd nord i Bergen krets. Denne gongen var heimesida til NSM kjelda for misjonsinformasjonen.08.09.2018
Betania - ein god misjonsheim
I Eid kommune i Nordfjord har dei regelmessige fellesskapssamlingar i regi av Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband. Sundag 26. august var det Samemisjonen som kom på besøk med informasjon om sin del av norsk misjonsverksemd.28.08.2018
Fagertundag 2018
Årets Fagertun-dag blei arrangert samme helga som kretsmøtet. Folk frå bygdene omkring er flinke til å slutte opp om denne dagen, og det blei fullt hus med alle generasjonar til stades.02.07.2018
Årsmøtet i Bergen krets er godt nøgd med nyrenovert leirstad
Helga 8.-10. juni var det kretsmøte og Fagertun-dag i Eksingedalen. Det var med spenning og forventning mange reiste til "fjells" denne helga, både for å sjå "nye" Fagertun og dessutan vera med på eit variert program, der også dagleg leiar Roald Gundersen deltok.01.07.2018