Basar på Heigrestad forsamlingshus
På Heigrestad forsamlingshus er det basar kvart år for Samemisjonen. Lisbeth Ravna Stømsnes har besøkt arrangementet fleire gonger Ho har også i år skrive eit referat frå ein innhaldsrik kveld som samla folket til forkynning og misjonsoffer.

Basar engasjerer
Tekst: Lisbeth Ravna Strømsnes Foto: Svein Børge Gjengedal
Tredje fredagen i oktober var det duka for basar på Hegrestad. Loddsalet har gått føre seg i vekene før sjølve basaren, men også noko i starten. Vally ønskte velkommen. Samemisjonen har halde på i 130 år, sa ho, og las litt historie frå Samenes Venn. Rino Kolstø spela til fellessongen og til eigen solosong.
Andakt om Guds vern og Hans såkorn
Alfred Salte heldt andakt. Kristne er omslutta av Gud. Vi har eit vern rundt oss, litt på same måten som hønene har ein luftegard med nettinggjerde og nettingtak. Såkornet Guds ord finn vegen inn i hjartet, og der ligg det til det er tid for å spira. Dette såkornet, og «jordtypane» det kan hamna i, står det om i Luk. 8, 4-15. På Hegrestad var det vers 15 som vart halde fram: «Men det i den gode jorda, det er dei som høyrer ordet og tek vare på det i eit fint og godt hjarte, held ut og ber grøde. »
Det viktigaste med basar er ikkje å vinna, men å få gje til Guds rikes arbeid
«Dra meg, o Jesus, inn i din favn, inn til ditt hjerte i glede og savn!» heiter det i songen. Plassen vår er i famnen til Gud, og basaren er eit middel til å gjere andre kjent med denne famnen.
I «pausen» er det mykje som går føre seg. Kjøkkenskrivarane har laga det slik at vi får både mat og drikke. Dei går i fast rute mellom kjøkken og møtesal, med påfyll av snart det eine, snart det andre. Loddsalet har opna att. Når det stoppar, har ein av skrivarane kome nesten halvveges i bok 7. Drøset går rundt borda.
Då trekningen var unnagjort, og gevinstane var delte ut, var basarkvelden over. 12430 kr kunne basarfolket på Heigrestad forsamlingshus senda til Stavanger krets.
Eg har vore floge på veggen på denne basaren i fleire år, og har lyst å takka basarfolket her for innsatsen, og ønska lukke til vidare!