- Ver eit berg for meg der eg kan bu, dit eg alltid kan gå!
Bedehusa våre er viktig kulturarv, men mest er dei naudsynte stasjonar der ein kan møte kristne sysken på veg til Himmelen. Klippen bedehus er som ein heim, og gjev ein føresmak på livet i den himmelske bustad. "Himmellengt" var eit av temaene då Kari-Laila og Ove Aksnes nyleg besøkte Fræna og Averøy.
Reisebrev frå sekretæren i Møre og Romsdal krets
"90 minuttar med Norges Samemisjon" på Frænabu onsdag 22. mai var ein triveleg samling. Den varte frå 19.00 til 20.30, og omlag 30 frammøtte kom frå dei ulike bygdene. Alltid kjekt å kome til Frænabu! Kvelden vart avslutta med kaffe og kaker og prat.
"Ein kveld med Norges Samemisjon" på Klippen bedehus fredag 24.maivart ein rik misjonskveld. Omlag 15 personar frå Averøy var møtt fram. Tema for samlinga var "Himmel-lengt". Hans Futsæter opna og Ove og Kari Laila Aksnes tala og sang. Ein viste også filmsnuttar frå arbeidet på Kolahalvøya. Svein Erik Sørdal spela piano. Takk til husstyret for at dei let oss få bruke dette flotte og spesielle huset.