Vårsol-Basar 2018 - for 60. gong

Onsdag 31. januar 2018 kl 17.30 er bedehuset på Skodje heilt tomt for folk. Ein halv time seinare står eit fantastisk kor på over 30 flotte jenter på scena. Kårhild Ramstad er også med - for 60. gong!

Salen er nesten full av forventningsfulle foreldre. Medhjelpar er strategisk plassert rundt om i lokalet, klare til å selge lodd og dele ut dei flotte gevinstane - mange av dei heimelaga.

 

Solborg Brandal ønskjer alle velkomne- og så er vi i gang med den berømte Vårsol-basaren.

 

Inntekta frå tiltaket går til NSM sitt arbeid på Kola. Her er det barn som hjelper andre barn. Born som matrielt har det godt, er med å slå eit slag for born på Kola, som er fattige og har det vanskeleg! Og dei gjer det med glede!

 

Alt er organisert på ein effektiv og professjonell måte. Vi får fleire fine sangar av koret, opplesing av bibelord og minneord, andakt av tilreisande kretssekretær Ove Aksnes. 

 

Dette er ein basar som berre må opplevast. Tusen takk til Solborg Brandal og medhjelparane på Skodje for innsatsen og framifrå arbeid!