To tradisjonsrike misjonsbygder på Nordmøre fekk besøk av Samemisjonen

Langs fjordane på Nordmøre finn ein rike tradisjonar for godt misjonsarbeid, også for Norges Samemisjon om ein ser nokre tiår bakover i tid. 25. oktober var ekteparet Aksnes tilbake til Ålvundfjord, og dagen etter stoppa dei på Tingvoll.

Langs Tingvollfjorden ligg bygda Tingvoll.
Langs Tingvollfjorden ligg bygda Tingvoll.

Koseleg atmosfære på Solhøgda leirstad

 

Ekteparet Gagnat tok godt imot Ove og Kari Laila Aksnes på ny 90-minuttars samling torsdag 25. oktober. Det var eit halvt år sidan forrige samemsisjonsmøte på Solhøgda. Tolv personar hadde funne vegen til ei koseleg peisestove med ein knitrande vedovn. Det vart ein fin kveld med samling om Guds ord og NSM.

Aksnes syntes det var fint å kunne bruke god tid når dei fyrst hadde teke den lange vegen frå Sunnmøre, og sette stor pris på at dei fekk overnatting i same bygda før neste oppdrag.Styrarparet Kari og Arne Johan Gagnat. Foto: O. Aksnes

Ekteparet Drøpping frå Ålvundfjord tok i mot gjester på overnatting. Foto: Ove Aksnes.

Song- og musikkmøte på Tingvoll 

På Tingvoll vart Aksnes godt mottekne av Maria Reiten. 20 personar var møtt fram til song- og musikkmøte på bufellesskapet i bygda. Etterpå var det kaffe og kaker. Ein god kollekt kom inn til arbeidet til organisasjonen denne kvelden.Maria Reiten og Kari Laila Aksnes. Foto: Ove Aksnes.