Song- og musikkmøte på Bigset i Hareid

Song, forkynning og misjonsinformasjon prega møtet på Hareidlandet. Ein god flokk av misjonsvener møtte fram ein kald tysdagskveld på Bigset bedehus.

Hareid musikklag. Foto: Ove Aksnes.
Hareid musikklag. Foto: Ove Aksnes.

Kretssekretær Ove Aksnes og kona Kari Laila var tysdag igjen ute på oppdrag for Samemisjonen. Denne gongen var det Bigset midt på øya Hareidlandet som fekk besøk. Storparten av songen stod Hareid musikklag for. Det var elles mykje god allsang av dei omlag 30 frammøtte. Ein fin kollekt vart samla inn til arbeidet i Norges Samemisjon.

 

  • Publisert