Song og musikk er ein viktig del av møta på Møre

I Møre og Romsdal krets vert det lagt vekt på også å formidle evangeliet gjennom songen og musikken når det legg seg til rette for det. Men musikarar og songarar er ofte mykje opptekne, og av og til får ein gjere som Ove Aksnes og co - lage sitt eige husorkester.

Husorkesteret på møter på Rovde og i Dalsfjord. Frå venstre: Ove Aksnes, Kjærsti Aksnes, Kari Laila Aksnes, Anne Vada, med Øystein Blom ved pianoet.
Husorkesteret på møter på Rovde og i Dalsfjord. Frå venstre: Ove Aksnes, Kjærsti Aksnes, Kari Laila Aksnes, Anne Vada, med Øystein Blom ved pianoet.

90 minutt med Samemisjonen på Rovde

Ein ny "90 minutt med Samemisjonen" vart halden på Rovde bedehus onsdag 21. mars. Eit husorkester med lokale musikarar hadde då øvd inn ein del songar på førehand. Orkesteret skal også spele under påskemøta i Dalsfjord onsdag 28. og Skjertorsdag.

 

Dei 25 frammøtte fekk høyre om arbeidet i Samemisjonen. Forkynninga av Guds Ord stod kretssekretær Ove Aksnes for. Alt i alt vart det ein fin kveld med eit godt fellesskap.

  • Publisert