Påskemøte i Volda: Godt oppmøte både i Dalsfjord kyrkje og på Dravlaus bedehus

På vestsida av Dalsfjorden ligg Dravlausbygda som både har eigen skule, kyrkje, kyrkjestove og bedehus. Kvar månad samlast personar både frå soknerådet og bedehusmiljøet til forbøn for bygda og innbyggjarane.

Gratis konsert med gruppene Adonai og Havlys.
Gratis konsert med gruppene Adonai og Havlys.

Tekst og foto: Øyvind Fonn 

Møteserien starta på Dravlaus bedehus

Husorkesteret med f.v. Anna Regine Blom, Øystein Blom, Kjærsti Aksnes, Ove Aksnes, Kari Laila Aksnes og Anne Vada.

Kveldsmat på Dravlaus bedehus. Både liten og stor fann noko godt på anretningsbordet bakerst i salen.

Det har i fleire år vore arrangert påskemøte i Dravlausbygda langs med Dalsfjorden i Volda kommune. Ein har lukkast å samle både fastbuande, påskegjester og elles folk frå regionen. Det var Øyvind Fonn frå Norges Samemisjon som var årets talar, og påskebodskapen stod sentralt i forkynninga. Første møtet var onsdagskvelden i Dravlaus bedehus. Eit husorkester hadde øva på førehand, og dei bidrog med eigne songar og akkompagnerte til fellessongen. Fonn viste bilete og film frå misjonsarbeidet. Etter sjølve møtet, blei det servert kvelds med mykje god mat. Det var omlag 50 samla på bedehuset denne kvelden.

 

 

Fantastisk påskevér

Dalsfjord kyrkje i Volda, Skjærtorsdag påska 2018.

Dalsfjorden låg bada i påskesola begge dagane, og ein var redd mange valde fjell- og skiturar istadenfor. Men då klokka nærma seg 11 på Skjærtorsdag, var det ein fin flokk som fann vegen til kyrkja og bibeltimesamling. Ja, fleire hadde sett av dagen til arrangementa, og før dei skulle på konserten på ettermiddagen, stakk dei ein tur innom bedehuset og kjøpte seg rimeleg og god middag.

 

 

 

 

 

 

 

Homecoming friends

Ove Aksnes ynskte velkommen til konsert.Kretssekretær Ove Aksnes har tru på å samle folk til musikalske opplevingar, der både bodskapen og musikken dreg i same retning. Heile to musikkgrupper hadde takke ja til å delta på konserten. Gruppa Havlys består av tre unge menn på rundt 20 år, som har rekt å syngje saman i fleire år. Bodskapen var både til vekkjing og oppmuntring. Eit filmopptak frå songen "Hold ut mitt barn" er lagt ut på Facebook.

To av songarane i gruppa Havlys, Leif Arne Ytterland og Hans Isak Røsvik.

 

Gruppa Adonai er ein generasjon eldre og er meir kjende gjennom fleire år med konsertar og møtedeltaking i fylket. Vokalist Arnstein Ytterland song både på norsk og engelsk, og innimellom var det klare vitnesbyrd eller forteljingar knytte til songane. Nokre var vel kjende for tilhøyrarane, og dei song med.

 

Talar under påskemøta, Øyvind Fonn, heldt apell med oppfordring til å tru på Jesus og ta del i hans misjonsoppdrag.

 

Når ein inviterer til gratis konsert, er det berre på sin plass å hengje opp plakat med VIPPS-nummer og la kollektkorgene gå i mellom kyrkjebenkene. Folk sette pris på konserten, møta og serveringa begge dagane gjennom.Gruppa Adonai med Arnstein Ytterland som vokalist.

Fleire glimt frå dagane

Svanhild og Josef gjorde eit viktig arbeid under konserten i Dalsfjord kyrkje.

Dei tre songarane i husorkesteret.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Middag på Dravlaus bedehus.

Kari Laila Aksnes og hennar kjøkkengjeng sytte for velsmakande middag på Skjærtorsdag.

Kjærsti Aksnes framførte songen Du som låg i natti seine til melodi av Magne Aksnes. Rolf Moen spela både piano og trekkspill under bibeltimen på Skjærtorsdag. Foto: Ove Aksnes