På Averøya har Samemisjonen hatt verksemd frå tidleg på 1900-talet

Averøy på Nordmøre er kjent for sitt rike kristenliv. Både barne- og ungdomsarbeidet og leirarbeidet har gjennom årtier båre gode frukter. Fortsatt er det eit levande misjonsengasjement, også for Samemisjonen sin sak.

Berit Stormo Vikene og Ragna Aakvik i Ekkilsøy samemisjonsforening.
Berit Stormo Vikene og Ragna Aakvik i Ekkilsøy samemisjonsforening.

Noko av dette fekk kretssekretær Ove Aksnes erfare då han vitja Averøya onsdag 4. - fredag 6. april. Han fortel om gode samlingar, og ekstra triveleg var det å kunne avslutte møteserien ute på Ekkilsøya. På Ekkilsøy kristelege forsamlingshus avslutta dei samværet med kaffi og kaker og sosialt samvær. Ein veldig fin kveld alt i alt.

 

Ekkilsøys Samemisjonsforening er snart 100 år

Berit Stormo Vikene og Ragna Aakvik deltok på møtet ute på Ekkilsøya. Samemisjonsforeinga deira har berre to medlemmar att, medan det for nokre år sidan var 7 medlemmar på det meste. Dei har vore med i 34 år, og til neste år, i 2019, reknar dei med at dei feirar 100-års jubileum.

 

Vant med å ta eit tak

Frå kretsårsmøtet juni 2015 på Sørheim leirstad på Averøy. Foto Ø. Fonn

På Averøy er dei vant med å ta eit tak. I 2015 vart kretsårsmøtet arrangert på Sørheim leirstad, og mange stilte opp og hjelpte til.

 

Utsikt frå Sørheim leirstad

 

  • Publisert