Møter på Valle i Skodje gav inntekter til Radio DSF

Det blei ei god møtehelg på Valle helga 18.-19. januar. På laurdag var det "Vi over 60" og på søndag song- og musikkmøte. Inger Starheimsæter var med å arrangere og har sendt rapport frå innhaldsrike dagar.

Valle bedehus. Det er mykje som må førebuast før eit arrangement på bedehuset. Stolar, bord og varme må ordnast. Så må nokon måke snø og kanskje både salte og strø kring inngangspartiet.
Valle bedehus. Det er mykje som må førebuast før eit arrangement på bedehuset. Stolar, bord og varme må ordnast. Så må nokon måke snø og kanskje både salte og strø kring inngangspartiet.

God møtehelg på Valle bedehus

Tekst: Inger Starheimsæter

 

Vi starta med føremiddagstreffet som vi kallar «Vi over 60» – på laurdag føremiddag. Ute var det vinter og snø, men inne var det varmt. Inger Starheimsæter ynkste velkommen og las Salme 23. Tenk David som var krigar og store delar av livet budde i skogen i kamp med fienden, så seier han: «Herren er min hyrde, det manglar meg ingen ting». Slik er det å høyre Jesus til.

 

Diktlesing og "Tur til Antiokia"

Johan Sorknes las sitt eige dikt: «Indremisjon». Det høvde godt, det er det Samemisjonen og driv. Kretsleiar Jon Teigen tala over emnet «Ein tur til Antiokia». Barnabas var fødd der, Apgj. 4:36. Då Saulus vart omvendt , var apostlane redd han. Dei trudde ikkje han var ein rett læresvein. Då står det i Apgj. 9:26: Barnabas tok seg av han og førte han til apostlane. Og vi kan spørje, ser vi den enkelte?

 

Etter talen kosa vi oss med mykje god mat. Etter pausen var det misjonsinfo og utlodding. Johan Sorknes las så diktet «Møte med Meisteren» før Jon Teigen til slutt runda av samlinga.

 

Det kling godt når Adonai stiller opp

Søndag var det Song- og musikk møte. Der fekk vi vitjing av Adonai country/gospel team. Dei stiller ofte opp for Samemisjonen. Arnstein Ytterland er vokalist. Orkesteret består av Sigbjørn Ytterland på el-gitar, Arnstein Ytterland på akkustisk gitar og Kurt Walderhaug på bassgitar. Det kling godt.Adonai på haustmøtet på Brusdalsheimen i oktober. Foto: Ove Aksnes

 

Inger Starheimsæter ynkste velkommen og minte om at då Israelsfolket gjekk i krig, då gjekk songarane føre krigarane og song: «Lova Herren, for hans miskunn varer til evig tid.» Slik har den kristne songen ofte bana veg for Guds Ord. Der etter tok Adonai over. «En lovsang til Jesus vil jeg synge» og fleire sanger tona ut.

 

Arnstein Ytterland tala Guds Ord til oss. Teksten var frå Kol. 3: 1-4. Han tok og fram Den rike unge mannen, Nikodemus og fangevaktaren. Dei hadde ulike møter med Jesus. Slik er det med oss og. Om vi er ulike, så er frelsa ei gåve frå Gud. Teksten oppfordrar oss: «Er det oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe». Adonai song vidare: «Jesus alene mitt hjerte skal eie» og fleire songar. Det vart kaffi og noko attåt etter møtet.

 

Kollekt og gåver til Radio DSF

Inntekta desse dagane gjekk til Radio DSF. Her på Sunnmøre er vi takksame for dei kristne nærradioane og vi vil derfor støtte Radio DSF Vi ynskjer Guds signing over radioen i nord, og dei som har arbeidet sitt der.

  • Publisert