• Minneord over Magne Gamlemshaug
  • Olaug Vikestrand har leia forreininga i 20 år.

Møte på Søvik Bedehus den 1. november 2019 i Møre og Romsdal krets

20-årsmarkering av foreininga og minneord over tidlegare generalsekretær Magne Gamlemshaug

 

Kretssekretær Ove Aksnes takka Olaug Vikestrand for å ha leia forreininga i 20 år.Vi kom til festpynta lokale på Søvik Bedehus fredag 01. november 2019. 20 års markeringa av forreininga, som er ei delt forrening mellom Indremisjonen og NSM var planlagt for lenge sidan. Men det vi ikkje visste då, var at tidlegare generalsekretær, Magne Gamlemshaug, vart sjuk og døydde. Naturleg nok vart dette samværet også prega av dette. Han kom frå nabobygda Gamlem, og var godt kjent både blant misjonsvenner og bygdefolk i Søvika.

Vi hadde ei fin samling. Ove og Kari-Laila Aksnes tala og sang, og kretssekretæren takka Olaug Vikestrand for å ha leia forreininga i 20 år. Så var det servering med rikeleg av smørbrød, kaker og kaffi, før Olaug Vikestrand hadde minneord over Magne Gamlemshaug. Misjonsvennene sit at med minner over ein smålåten, likande og hjelpsam sambygding, men også av ein kunnskapsrik, ryddig og bibeltru generalsekretær.

  • Publisert