Misjonsbasar på Verma bedehus

Verma innst i Romsdalen er kjend for sine artsrike blomsterenger. Ei av blomane heiter Forglemmegei. Det er også namnet på samemisjonsforeininga i bygda ”Forglemmigei”. Det var desse misjonsvennene som heldt misjonsbasar laurdag 16. juni.

Verma bedehus (t.v.) og Øverdalen kyrkje (t.h.).
Verma bedehus (t.v.) og Øverdalen kyrkje (t.h.).

Marit Brudeli (t.v.) og Ruth Brennhaug Staurseth (t.h.) sel lodd. Foto: Ove AksnesArrangementet hadde godt oppmøte med både bygdafolk og tilreisande tilstades. Ove og Kari Laila Aksnes sang og tala, og tidlegare leiar i kretsen, Ruth Brennhaug Staurseth, leia samværet. Fine gjenstandar til utlodding på basaren gav litt over kr 11000 netto til Samemisjonen. Vêret synte seg frå si beste side, og det vart alt i alt ein triveleg ettermiddag og kveld på Verma.

  • Publisert