Misjon er å vere menneskefiskarar

Det blei møtedeltakarane på "90 minutter med Samemisjonen" minna om då dei besøkte Frænabu kurs og misjonssenter torsdag 15. mars. Eit stort veggbilete på plassen ber nemleg denne bodskapen.

Maleri av Harald Skotheimsvik.
Maleri av Harald Skotheimsvik.

Kretssekretær Ove Aksnes har vore på Nordmøre dei siste dagane og halde møter. På onsdag besøkte han bedehuset til Den 

Indre Misjon i Kristiansund. Der var det kontaktperson Harald Skotheimsvik som ynskte velkommen og opna møtet. Det var god oppmøte med 23 personar til stades.

 

Harald Skotheimsvik er forresten ein kjent kunstmålar, og eit av hans store måleri fekk Aksnes sjå då han neste kveld kom til Frænabu kurs- og misjonssenter.

Olav Berg spela til allsongen begge kveldane. Foto: Ove Aksnes

 

Her var det dagleg leiar Reidun Åndal som tok i mot. Det vart ein fin samling, og frammøtet her var også i overkant av 20 - ganske bra når ein veit at det same kvelden var møte både i nabobygda og i Elnesvågen.

 

Til å spele til allsongen hadde Aksnes med seg Olav Berg - både i Kristiansund og på Frænabu.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dagleg leiar på Frænabu, Reidun Åndal. Foto: Ove Aksnes