Med Samemisjonen til Solhøgda i Sunndal

Leirstader viser seg å vere tenlege reiskapar i Samemisjonen sitt arbeid. Sjølv har misjonen ein leirplass i kvar av kretsane Stavanger og Bergen. I andre kretsar har ein tradisjon for leige hos andre organisasjonar.

Solhøgda leirstad i Ålvundfjord på Nordmøre.
Solhøgda leirstad i Ålvundfjord på Nordmøre.

Vertsskapet la alt godt til rette

Torsdag 12. april vart det arrangert ein 90-minutters samling på ein heilt ny plass, nemleg Solhøgda leirstad i Ålvundfjord. Det er Norsk Luthersk Misjonssamband som eig plassen.

 

Kretssekretær Ove Aksnes seier at første forsøk med 90-minutters samling på Solhøgda gav meirsmak.Arne Johan og Kari Gagnat har vore styrarpar på Solhøgda i over 30 år.

 

- Styrarparet Arne Johan og Kari Gagnat tok svært godt imot oss, og la alt tilrette for ein hyggjeleg kveld. Omlag 20 personer frå ulike bygdelag hadde funne vegen til leirstaden, og huset stilte med eigen pianist. Det vart ei god samling om Ordet og det viktige arbeidet NSM utfører.

 

Både Kari Laila og Ove Aksnes tala og sang. Kretsekretæren har allereie planlagt ein ny samling til hausten.

  • Publisert