Mangeårig kretsleiar blei takka av under årsmøtet på Høgtun

I år var det Nordmøre sin tur å ta i mot utsendingar frå Møre og Romsdal krets. Den lokale misjonsforeininga og Høgtun folkehøgskule stod som vertsskap for eit vellukka og inspirerande kretsmøte laurdag 9. juni.

Nytt kretsstyre i Møre og Romsdal krets. F.v.: Ove Aksnes, kretssekretær; Hans Futsæter; Jon Teigen, ny leiar; Inger Starheimsæter og Kåre Brudeli. Ikkje avbilda: Margrethe Engen og Gjertrud Hauge.
Nytt kretsstyre i Møre og Romsdal krets. F.v.: Ove Aksnes, kretssekretær; Hans Futsæter; Jon Teigen, ny leiar; Inger Starheimsæter og Kåre Brudeli. Ikkje avbilda: Margrethe Engen og Gjertrud Hauge.

Ruth Brennhaug Staurseth vert takka av av Jon Teigen for si mangeårige teneste som kretsleiar. Foto: O. Aksnes

Leiarskifte

Ruth Brennhaug Staurseth har sete mange år i kretsstyret. På kretsmøtet dette året tok ho ikkje attval. Dermed var det også klart at kretsen laut få ny kretsleiar. Det vart allereie på årsmøtedagen avgjort at nestleiar, Jon Teigen, tok over som ny formann, ein tittel som og vert brukt. Han takka av Staurseth og peika på den særs gode innsatsen ho hadde gjort for kretsen dei siste åra. Som leiar har ho hatt eit stort ansvar for arbeidet både i AU og kretsstyre og elles hatt hand om mange administrative oppgåver. Særleg dei åra kretsen ikkje hadde sekretær, gjorde ho og hennar medarbeidarar i styret ein avgjerande innsats for å halde hjula i gong, med møter, innsamlingar og økonomistyring. Før ho trådte av på laurdag, leia ho både bibeltimen og årsmøtet.

Jon Teigen (t.v.) leia misjonsfesten. Her i samtale med landsstyreformann Odd Eivind Høyik. Foto: O. Aksnes

Misjonsfest og jubileumsmarkering

Kretssekretær Ove Aksnes er godt nøgd med årsmøtet og oppslutninga. Til årsmøte var det registrert 22 utsendingar Og til festmøtet var samla omring 60 personar. Hovudtalar under kretsmøtet var formann i landsstyret Odd Eivind Høyvik. I samband med markeringa av at NSM er 130 år, viste han misjonsfilm frå 1950-talet. Lokal god song og musikk stod musikklaget                                         Atlanterhavskameratane for. 

 

Takk til folket i Torvikbukt!

Aksnes rettar ein stor takk til dei tilsette ved Høgtun og måten ein var motteken på. Folkehøgskulen har god erfaring med å arrangere misjonssamlingar som for eksempel eit kretsårsmøte. Takken går også til lokalforeininga som gjorde ein stor innsats med kaker og anna mat til årsmøtet.

 

Det største og vikgaste oppdraget for misjonsfolket

 

I årsmeldinga som vart godkjend på laurdag takka avtroppande leiar Ruth Brennhaug Staurseth misjonsvennene på ulike områder i kretsarbeidet. Særleg peika ho på oppgåva å forkynne ordet:

 

Høgtun folkehøgskule i Torvikbukt på Nordmøre. Foto: O. Aksnes

"Takk til alle som har vært med i arbeidet i bønn og offer, sommerlotteri, foreningsmøter og andre samlinger i 2017. En spesiell takk til de som har forkynt Guds ord, både ansatte og frivillige medarbeidere.

 

For hver den som påkaller Herrens navn skal bli frelst. MEN hvordan kan de påkalle en som de ikke har kommet til tro på? Og hvordan kan de tro på en som de ikke har hørt om? Og hvordan kan de høre uten at det er noen som forkynner? Og hvordan kan de forkynne uten at de blir utsendt? Som skrevet står: Hvor fagre deres føtter er som bringer fred, som bringer et godt budskap!”

 

Å forkynne Ordet - i foreningsmøte, fra talerstolen, gjennom Samenes Venn, hjemmesida til Samemisjonen og i samtale med enkeltmennesker vi møter, er det største og viktigste oppdraget vi har fått!"Atlanterhavskameratane frå Nordmøre stiller villeg opp for ulike misjonsorganisasjonar. Foto O. Aksnes