Lokal jubileumsfeiring på Møre

Alle dei frammøtte fekk smake av den gode jubileumskaka.
Alle dei frammøtte fekk smake av den gode jubileumskaka.

Landsstyrets oppfordring om å feire jubileet lokalt vart laurdag 21. april følgd opp i Møre og Romsdal krets. Då blei det årlege Vårmøtet arrangert i misjonsbygda Innfjorden i Rauma med preg av at organisasjonen er 130 år.

Lokal samemisjonsforening var vertskap

Den lokale misjonsforeininga "Von" tok godt i mot både "kortreiste" og langvegsfaranda deltakarar. Dei stod for god tilrettelegging med mellom anna servering av middag og kaffe.

Gledeleg gjensynSigmund Fjære både tala og song på Innfjorden bedehuskapell. Foto: R B Staurseth

Både forsamlinga og Sigmund Fjære syntest det var kjekt å møtest igjen. Han reiste i fjor som forkynnar i kretsen, men er no tilsett i Oslo og Romerike krets. Fjære song og tala under bibeltimen og på misjonsmøtet. Fin song fekk ein også av Ole Schølberg og Åse Dagsvik frå Vågstranda.Ole Schølberg og Åse Dagsvik frå Vågstranda. Foto: R B Staurseth

 

Jubileumsmarkering til slutt

Kaffebordet var pynta med ei flott kake i anledning jubileet. Ei fin "jubileumsgåve" vart det også denne dagen med vel 11.000 i kollektkorgene. Neste kretsarrangement blir årsmøtet på Høgtun folkehøgskule i Torvikbukt.

 

Innfjorden bedehuskapell, ein god stevnestad

Bedehuskapellet har ein sentral plass i bygda, som elles er eit livskraftig lokalsamfunn. Bedehuskapellet, som har gode fasilitetar, blir mykje brukt og godt teke vare på. Når det elles er gode hjelparar lokalt, blir Innfjorden alt i alt ein god stevnestad.Nokre av deltakarane ved avslutninga på vårmøtet. Foto: R B Brennhaug