Kretsmøte drøfta omstillingsarbeidet i organisasjonen
Omstillingsarbeidet i Samemisjonen var den viktigaste saka då Møre og Romsdal krets var samla til årsmøte på Frænabu i midten av juni. Ramma elles rundt årsmøte var bibeltime og misjonsfest, med innslag av god song og musikk.
Årsmøte med engasjement og tru på framtida
Kretsårsmøtet for NSM - Møre og Romsdal krets - gjekk av stabelen på Frænabu kurs- og misjonssenter laurdag 15. Juni. Omlag 30 personar deltok, av dei 19 med røysterett.
Erling Nerheim heldt bibeltimen, og Ruth Brennhaug Staurset tala på festmøtet på ettermiddagen. Kjersti Aksnes gledde forsamlinga med fin song og musikk. Maria Reitan spela piano til allsangen, og Inger Starheimsæter og Ove Aksnes var møteleiarar.
Den viktigste saka på dette årsmøtet var drøftinga av omstillingsarbeidet i NSM, som munna ut i ein uttale frå kretsen. Elles var det handsaming av vanlige årsmøtesaker.
Veret var strålande, og vi vart svært godt mottekne og tekne vare på av betjeninga på Frænabu.