Jubileumshelg i Innvik - årets siste jubileumsfeiring

Arrangementet føregjekk første helga i advent på Innvik Fjordhotell, Misjonsheimen. 45 deltakarar hadde funne vegen i det flotte haustvêret. Dei fekk oppleve eit variert program og god bibelundervisning. Slike arrangement på tvers av kretsar er med å styrkje misjonsfellesskapet i ein elles liten organisasjon.

Frå ei av bibelsamlingane.
Frå ei av bibelsamlingane.

Misjonsfellesskapet vert styrkt når to kretsar møtest

Tekst og foto: Øyvind Fonn

 

Det var Møre og Romsdal krets som stod som hovudarramgør, medan Bergen krets arbeidde aktivt for å gjere arrangementet kjend blant sine kontaktar og støttespelarar. Av ordinære deltakarar kom det folk frå Sveio i sør til Averøy i nord. På prgrammet stod bibeltimar, historietime, julebuffét, handletur og tur med gondolbana ”Skylift”. Her er glimt frå helga.Egil Sjåstad frå Fjellhaug internasjonale Høgskole heldt bibeltimar over Efesarbrevet. Han fekk godt fram både korleis Gud hadde forlikt verda med seg sjølv i Kristus, og korleis vi skal vere mot kvarandre i forsamlinga og kyrkjelyden.Husorkesteret bestod av Øystein Blom, piano, Anna-Regine Blom, saxofon, og Ove Aksnes, gitar.

 

 

 I matsalen vart det både mykje god mat og prat.

 

 

 

  • Publisert