Jesu atterkome var tema då Samemisjonen heldt møte på Rovde
Det vert av og til sagt at Jesu atterkome er lite framme i forkynninga. Vi må ofte nok minnast på at Jesus ein dag kjem att, blir det sagt. Temaet var framme då Samemisjonen heldt 90-minuttars samling på Rovde bedehus i slutten av april.

Musikkbandet som deltok på på Rovde bedehus. Fra venstre: Anne Vada, Jan Øystein Aksnes og Øystein Blom.
Konseptet "90-minutt med Samemisjonen" held fram i Møre og Romsdal krets, og i Nordfjord
Omlag 30 menneske var møtt fram til samlinga torsdag 25. april, og det var kretssekretær Ove Aksnes som tala om Jesu Kristi atterkome. Som så ofte elles hadde han med seg kona Kari Laila, og dei spelte og song, men god støtte frå eit lokalt musikkband. Samlinga vart avslutta med kaffe og kaker.