Glimt frå Ytre Sunnmøre

Langs Sunnmørskysten er det mange bedehus. Og framleis finst det trufaste kontaktpersonar som førebur møta, og gjer i stand lokala. Utan desse eldsjelene vert det ikkje misjonsmøte.

Kari Farstad Sundnes og Marit Hildrestrand var ansvarleg for møtet på Brattvåg.
Kari Farstad Sundnes og Marit Hildrestrand var ansvarleg for møtet på Brattvåg.

Ninny og Endre Kvalø på Søvik bedehus. Foto: O. Aksnes

Godt frammøte på Søvik

Dei fyrste dagane i november var sekretærparet, Ove og Kari Laila Aksnes, ute ved kysten og heldt møte. Første stopp var på Søvik bedehus torsdag 1. Her vart dei mottekne av Ninny og Endre Kalvø. Aksnes bidrog med tale, sang og musikk og misjonsinformasjon, og dei melder at det var ein triveleg kveld saman med dei 15 frammøtte.

 

Vil gjerne tilbake til Brattvåg

Neste dag gjekk turen til Brattvåg. Det var første gongen Aksnes sine besøkte denne bygda. Også her var det eldsjeler som tok i mot og gjorde det mogleg å halde møte, representert ved Kari Farstad Sundnes og Marit Hildrestrand. Frammøte var noko lågt. Men Ove og Kari Laila likte seg godt på det fine bedehuset, og dei håpar deira første besøk kan danne grunnlag for fleire møte og vidare engasjement.

  • Publisert