Forkynnarpar med variert repertoar attende på Sunnmøre

Tor Magne Haraldseid er landsforkynnar i Norges Samemisjon, og besøkjer med jamne mellomrom alle regionane i misjonen. No er ei ny rundreise klar.

Aktive under landsmøtet i Ålesund

Med seg på reisene har han kona si Laila, og tilsaman bidreg dei med allsidig program. Det var Tor Magne og Laila som stod for musikalsk tonefølgje under møta under storsamlinga på Ålesund Folkehøgskule i juni. Her fekk dei også helse på og treffe igjen mange av støttespelarane som dei har blitt kjende med rundt om på små og store plassar.

 

Dei skal no starte på eit nytt semester og følgje ei lang reiserute som lokale misjonsleiarar har koordinert. Fyrste møteserie vert halden i Møre og Romsdal krins, før dei kryssar fylkesgrensa og teks føre seg Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark. Seinare på hausten skal dei vitje Austlandet, Agder, Rogaland og Vestland.

 

Sjå på kalenderen om dei kjem i nærleiken av der du bur. Kanskje du - og nokre du kunne be med deg - skulle ta turen og høyre dei vitne og synge om sin Frelsar og Herre? Vel møtt!

                                                        Tekst og foto: Ø. Fonn

  • Publisert