Eit vårmøte på misjonshistorisk grunn

Siste søndagen i mars samla eit samansett misjonsfolk seg til stemne på Nesjestranda i det tidligare Veøy prestegjeld. Første samlinga var i regi av DELK Møre medan serveringa og misjonsfesten seinare på dagen var i regi av Norges Samemisjon, Møre og Romsdal krets.

Det var god allsang på misjonsfesten.
Det var god allsang på misjonsfesten.

Å løfte i flokk ga eit godt resultat

Tekst: Øyvind Fonn. Foto: Fonn, Neerland og Starheimsæter

Klippen bedehus på Nesjestanda var ein god møteplass

Møre og Romsdal krets held oppe tradisjonen med haust- og vårmøte som ambulerar rundt om i fylket. Denne gongen valde ein seg ut Molde og Nesjestranda som møtestad. Sjølv om det ikkje er foreining i området og slik set ein god flokk av eigne støttespelarar som kan dra lasset, er det likevel mange på Skålahalvøya som vil møte opp og hjelpe til når dei små misjonane kjem på besøk.

I Molde og omegn er det forøvrig mange forsamlingar som møtest ein søndag føremiddag.

Prest i DELK Møre, Erling Neerland, ønskjer velkommen til føremiddagsmøtet kl 12.

DELK Møre

DELK Møre, knytt til Det evandelisk-lutherske kirkesamfunn, er ein nykomling i kyrkjelydsfloraen i Romsdal. Dei starta opp som eit gudstenestefellesskap for 3 år sidan og held sine møter på turiststasjonen på Skaret i Fræna, og elles litt rundt om i fylket. Sidan ein visste at fleire personar "sokna" både til DELK og Samemisjonen, valde ein å ha DELK-møte og vårmøte på same plassen, med kvar sitt ansvar og oppgåver. Og det viste seg å bli eit særs vellukka artrangement. Trass i eit nytt vinterleg framstøtt dagen og natta føre, var det likevel eit bra frammøte. Men nokre heldt seg heime på grunn av glatte vegar rundt om i kretsen.

"Veøy - norsk samemisjon sin Sion"

Tidlegare sokneprest i Veøy sokn, no prest i DELK, Erling Neerland, ønskte velkommen og fortalde om dei første framstøyt for norsk misjon blant samane. 

Han nemde presteforeininga Sjustjerna og deira brev til Misjonskollegiet i Købehavn på byrjinga av 1700-talet. Her hadde dei lagt fram tankar og idear om korleis ein kunne drive misjon blant samane. Thomas von Westen, som var sokneprest i Veøy den gongen, og leiar i Sjustjerna, vart så spurd om å leia misjonsarbeidet blant samane, med base i Trondheim. Denne oppgåva byrja han på allereie medan han budde ute på Veøya. Då han flytte som nyutdanna til Romsdalen kom også pietismen til Noreg. Han og resten av Sjustjerna hadde sæleg omtanke for kristen livsførsel og misjonsarbeid. Neerland tykte difor "norsk samemisjonen sin Sion" kunne vera eit dekkjande uttrykk for Veøy prestegjeld - her starta misjonsarbeidet,  som ein slags arnestad, ei vogge og eit samlingspunkt. (Sjå meir i høgre spalte.)

 

Peter sin løpebane og vår

- Jesu bøn og Satans sold

 

Gunnar Holth heldt ein tale med mykje innleving og sjølvransaking, men og med trøystefulle ord.Dette var tema då Gunnar Holth tala på føremiddagsmøtet. Han er tidlegare lærar i grunnskulen på Skåla. Han tala ut frå søndagens tekst i Lukas 22, der okre av dei sentrale versa var 31 - 34:

 

- Simon, Simon! Sjå, Satan kravde å få dykk i si makt for å sikta dykk som kveite. Men eg bad for deg at trua di ikkje måtte svikta. Og når du ein gong vender om, så styrk brørne dine. Men Peter sa til han: Herre, med deg er eg reie til å gå både i fengsel og i døden. Då sa han: Eg seier deg, Peter: Hanen skal ikkje gala i dag før du tre gonger har nekta at du kjenner meg."

 

- Ein får nesten lyst å flykte frå heile tektsen, for vi er innom noko her som gjer at ein blir sitjande å skjelve... Jesu utsegn "Eg bad for deg" må vere noko vi tenkjer gjeld oss idag - at han held også oss oppe i alt det som er rundt oss, også i åndeverda. I Ef 6,12 les vi: "Vi har ikkje ein strid mot kjøt og blod, men mot maktene, mot herrevelda, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet."

 

- Det vi skal innom i dag, er Peters fall og oppreising - måtte vi gjennom denne teksten også få sjå evangeliet.

 

- I tidlegare omsetjingar stod det at Satan kravde å få læresveinane i sin "vald", men no "makt". Kva er det han er ute etter, jo, å riste dei så kraftig at det ikkje lenger skal finnast noko fnugg av tru att. Men vi skal hugse at  no når dei skal inn i soldet, så er det eit auge som følgjer dei: det er Jesu auge!

 

- Jesus kallar Peter for "Simon". Ikkje Peter, som klippen kyrkja skulle byggast på. Peter hadde vakse sidan den gongen Jesus tala slik til han. Han hadde vakse feil veg, han var blitt så stor og så sjølvsikker. Når vi veks feil veg, så veks vi bort frå Jesus. "Og når du ein gong vender om, ..." Jesus talar her til oss om omvending. Vi skal få vende oss igjen til Han, bort frå oss sjølve, og bort frå all vår tillit til vårt eige.

 

Til forteljinga høyrer også augneblinken då hanen gjel. "Og Herren vende seg og såg på Peter. Då kom Peter i hug dei orda Herren hadde sagt til han."Frå Hanegal-kyrkja i Jerusalem febr. 2019. Biletet vart vist på lerretet etter talen til Holth.

 

Då blir det eit knust hjarte som hungrar etter tilgjeving. Så går det nokre dagar. Jesus møter kvinnene og ber dei helse læresveinane og særleg Peter, med at han lever. "Hilser Peter, dog især, der han går og greter! Si jeg har ham hjertens kjær, stakkars arme Peter! Si at synden er betalt, det er tilgitt at han falt. Si at jeg har glemt det alt. Jesus frelser Peter." Slik står det i en sang. Og Peter kan spørje: Har han ei helsing til meg, eg som vart sikta og som svikta?

 

- I dag sit Jesus ved Guds høgre hand og bed for oss. Og Gud kan fullkomment frelse dei som kjem til Han gjennom Jesus.

 

Eit folk til eigedom for at det skal forkynna hans stordom

Martha Paulsen la frimodig innover forsamlinga at Jesus treng einkvar som trur på Han inn i si teneste. Foto: Inger Starheimsæter

Vi tilhøyrer det ållmenne presteskap, var noko av det Martha Paulsen  heldt fram i sin tale under misjonsfesten. Ho har arbeidd og reist som forkynnar både i Den indre Sjømannsmisjon og i Indremisjonsforbundet. 

- Vi skal vere som prestane i den gamle pakt - og be for folket. Vi har så lett for å sjå på det som ikkje er bra, ja, det er mykje i dag som er vanskeleg. Men vi skal få bruka bøna si makt. I 2. Tim 2 står det vi skal be for alle dei som har ansvar, for styresmakter og kongar. Bøn kan forvandle land - brukar vi bønetida godt nok? Ein gong besøkte eg ei dame på Sunnmøre. Ho viste meg bøneboka si og hadde lyst å be for meg også. - Ja, eg har kanskje ein plass til deg klokka sju på tirsdag ... Den var fullspekka, og veit de kva som stod først? Det var ordføraren.

 

- Verda kan sjå på oss som dårar, men vi skal vite kven vi er: Vi er sendebod i Kristi stad. Til Finnmark, ja ut i heile verda - for Jesus. Evangeliet nådde ein gong vårt land slik Elias Blix skriv om det i Fedrelandssalmen: "Vårt heimland i mørker lenge låg, og vannkunna ljoset strøymde. Men Gud du i nåde til oss såg, din kjærleik oss ikkje gløymde. Du sende ditt ord til Noregs land, Og ljos over landet strøymde."

 

- Gud sendte altså sitt ord og det er Ordet som er lyset. Ja, nå er det på tide å sjå på Blix sin salme igjen og tenke: Korleis er stoda i dag?

 

- Når vi møter ei kristen syster og bror, så må vi utfordre kvarandre litt: : Kva driv du på med, kva er det som ligg mest på hjarte ditt? For det er det som er grunnen til at vi er her - det er at vi har ei gjerning å gjere for Jesus. Vi er eit heilagt presteskap for Jesus, vi som trur på Han. Vi skal vere på den plassen vi har fått å gå. Ikkje tenk på kva alle andre gjer.

 

-Eg hugsar eg kom til ei bygd. Då kom det ei samekvinne, ja, ho var stolt av det. Og ho hadde eit viktig ærend. Ho hadde fått aufor ei nabodame som hadde komme flyttandes til bygda. - Kan du ikkje vere med bort til Olga. Ho er blitt enkje og er litt einsam, ei dme på over åtti år.

 

- Eg vart med, og fekk servering. Så sa eg: - Eg ser du har eit vakkert bilete på veggen, eit Kristusbilde. - Ja, eg har det. Det har eg arva, men eg kjenner Han ikkje. - Har du lyst å bli kjent med han, då? Ho var åpen for det, og eg siterte nokre vers frå Bibelen. "Alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans." - Har eg retten til å verta eit Guds born, viss eg berre trur, sa Olga då. - Ja, sa eg, så enkelt!

 

Det er lett å leie mennesker til Jesus, men det er jo ikkje vi som gjer det, men Ordet som gjer det.

 

Og ho tok i mot, vi ba for henne og ho kom på alle møtene, og vart ein ny skapning i Kristus Jesus.

 

Vi skal få vere med alle saman, kvar på vår måte! Vil du innstille deg på det? Og seie: Her er eg, send meg!

 

Misjonsglimt frå nord- og sørsamiske miljø og frå Kola


Kristin Gjerdebø stilte opp og synte fram drakta som tanta hennar fekk i Kautokeino. Foto: Synnøve Neerland.Ei lita utstilling med samiske klede møtte deltakarane på Vårmøtet på Klippen bedehus. Det var tidlegare medarbeider i Samemisjonen Anne Lise Gjerdebø, no gift Ulvestad, som hadde lånt ut den samiske festdrakta si, som samiske kvinner sydde til henne då ho arbeidde i Kautokeino. Niesa hennar, Kristin Gjerdebø, lånar drakta kvar 6. februar når dei markerar samefolkets dag i barnehagen på Vågsetra. Kristin var til stades og synte fram den fine drakta og fortalde litt frå barnehagen. Folk likte innslaget og ga henne ein god applaus.

Øyvind Fonn ga eit lite glimt fra det nordsamiske ellers, med at han fortalde han nyleg hadde vore på eit husmøte i Romsdal - i Alta. Forsamlinga tykte det var moro å høyre at det fanns fleire Romsdal i Noreg.

Så tok Øyvind tilhøyrarne med på ei reise i det sørsamiske område, med glimt frå konferansar, gudstenester og minnemarkeringar der sørsamar møstest. Han fortalde og om sørsamen og predikanten Torkel Rutfjell som dreiv med rein mellom anna på Nordmøre. 

I alle samemisjons-sammanhengar er det viktig å ha fokus på ytremisjonsarbeidet vårt, det vi seie Kola-arbeidet. Fonn informerte frå sine turar der. Til slutt tok 

han fram ein song han hadde kopiert opp. Det var Fjellsangen av Rutfjell, og forsamlinga lærte den og vart med i allasangen.

Variert song og musikk

Edgar Paulsen hadde hatt konsertturné i Møre og Romsdal krets, og avslutta møteserien saman med kona Martha Paulsen - på Nesjestranda denne søndagen.

Han spela både gitar og munnspel og fortalde gripande historier i mellom songane. Ein gong han og Martha skulle til Reine i Lofoten, nådde dei ferga, men det var ikkje plass til bilen og Edgar vart igjen til neste dag. Han tok fiskestanga og gjekk ned på moloen og drog ein god del fisk. Ut på kvelden tok han fram gitaren og spela og song litt. Ein mann kom bort og ville slå av ein prat og spurte kven han var. Edgar sa han var emissær.

- Eg bad om at det måtte komme noko ut av denne samtalen. Då sa mannen at han hadde kjent Jesus ein gong, men mista han og ikkje funne han att.

- Då er du heldig!

- Heldig, korleis det?

- Jo, du er heldig for du har treft meg! Eg kan vise deg vegen tilbake viss du vil?

Så blei det teltmøte. Inni mannens fjelltelt, som han hadde slått opp, fekk Edgar komme og synge songar om Jesus.

- Og vi bad saman, og han fanvn vegen attende til Jesus, denne karen.

 Edgar Paulsen deltok med song og variert musikk både på føremiddagsmøtet og misjonsfesten.

Takk til alle som kom og som deltok

Jon Teigen er kretsforman i Samemisjonen og hadde teke på seg hovudansvaret for arrangementet, medan sekretæren var i permisjon. Han og kona Astrid hadde kjøpt inn middag og sørga for at folk hadde med kaffemat. Det vart ei lang takkeliste han gjekk gjennom ved avslutning av stemnet: Talarar, musikantar, vertsfolk og hjelparar på staden, kjøkenfolket og for det gode samarbeidet med  DELK Møre. Han nytta også høvet til å reklamere for turen "Finnmark på tvers" som han arrangerar saman med Samemisjonen til sommaren. Då skal det setjast opp eit spel ved Tana-elva som viser korleis biskop Johannes N. Skaar kom i prat med nokre samegutar, og som bad biskopen om forkynning og opplæring på samisk, deira eiga morsmål. Dette var opptakta til at Norsk Finnemisjon, seinare Norges Samemisjon vart stifta i 1888.

Edgar og Martha Paulsen likte seg godt på Klippen bedehus. Dei fortaldde frå arbeid på fiskarheimar og fra emissærlivet og at dei på mange reiser hadde møtt og vore saman med samar, noko dei sette stor pris på.Min Frelser, du som legedommen eier

Erling Neerland har sans for mange detaljar, og då han skulle annonsere ein allsang, sa han at denne kan syngjast til melodien Finlandia. -Og det gjer vi til ære for dei finske samane!

 

Min Frelser, du som legedommen eier

For hvert et sår jeg fikk på kampens dag,

Kan jeg ei komme til deg med min seier,

Så kan jeg komme med mitt nederlag.

 

Og kan jeg ei med lovsang i mitt hjerte

Med takkersalmer deg i møte gå,

Så kan jeg komme med min nød og smerte,

Og med en ydmyk bønn for tronen stå.

 

Kan jeg ei se deg åpent inn i øyet

Og glede meg i all din kjærlighet,

Så kan jeg dog mitt hode for deg bøye

Og mitt blikk i anger for deg ned.

 

Kan jeg ei med sterke troens hele

Og fulle glede ile til din favn,

Så kan jeg stille for din trone knele

Og under tårer kalle på ditt navn.

 

Forfatter: Kirsten Aagaard Hansen

 

Nr 467 i Sangboken

Parkeringsvakt viste plass til bilane etterkvart som dei kom

Klippen bedehus på Nesjestranda på Skålahalvøya, Molde kommune. Veøya vises som en mørk stripe til høyre i Romsdalsfjorden.Ute i fjorden skimtar ein sjølve Veøya der kyrkja og prestegarden som von Westen-familien budde, ligg. Då Norges Samemisjon hadde landsmøte i Molde i 1993 - sidan har det ikkje vore landsmøte der - var det ekskursjon for landsmøtedeltakarane ut til Veøya. Erling Neerland var då lokal guide. OG - på dette landsmøtet vart det bestemt at Norges Samemisjon skulle starte misjonsarbeid på Kola-halvøya.

Endå eit prov på at Vårmøtet 31. mars 2019 vart halden på misjonshistorisk grunn.

 

 

 

  • Publisert