Ein blir ikkje heit av det ein ikkje veit

Stadige drypp og ny informasjon er viktig for å skape interesse og engasjement i misjonsarbeidet. Difor startar no kretssekretæren i Møre og Romsdal opp med ein ny runde med "90-minutt med Samemisjonen", både på gamle og nye plassar.

Frå venstre: Kari Laila og Ove Aksnes, Anne Vada og Øystein Blom
Frå venstre: Kari Laila og Ove Aksnes, Anne Vada og Øystein Blom

"90 minutt" med mykje song og musikk - for andre gong på Rovde forsamlingshus

Sist Rovde hadde besøk frå Samemisjonen var i mars i år. Torsdag 27. september var det ny samling med omtrent same mannskapet som sist.

 

Det er viktig med kontinuitet i arbeidet både på kretsnivå og lokalt. På bedehusa må Guds ord forkynnast på nytt og på nytt, og misjonsgløden trengst også å fornyast.

 

Mykje felles song

Ca 20 personer hadde møtt opp denne torsdagskvelden. Kari Laila Aksnes innleidde med ord og tankar om bøn, og Ove Aksnes snakka om å legge heile livsvegen i Herrens hand, og stole på han.

 

Øystein Blom spelte piano og leia samværet, og Anne Vada spelte gitar og leia god og variert allsong.

 

Det vart informert om arbeidet, og samværet vart avslutta med prat, kaffi og kaker. Takk til alle som var med og gjorde dette til ei god og trivelig samling!