Det er viktig med gode førebuingar i forkant av eit arrangement

Kor mykje arbeid ein legg ned i forkant av eit møte, spelar inn på frammøte, innhald og utbytte. Bøn høyrer også med i forarbeidet om ein ønskjer at menneske skal få eit møte med Gud.

Frå ein godt utstyrt møtesal på Brusdalsheimen og med teknisk utstyr klart til bruk.
Frå ein godt utstyrt møtesal på Brusdalsheimen og med teknisk utstyr klart til bruk.

Møtet på Brusdalsheimen - eit eksempel på god planlegging

Tekst: Ø. Fonn

 

Torsdag 19. april var det "90 minutt med Samemisjonen" på Brusdalsheimen. Kretssekretæren i Møre og Romsdal krets var ute med sitt møtekonsept. Sidan dette var eit nytt tiltak i Ålesundsområdet, var det viktig med litt meire annonsering enn vanleg. Arrangementet var derfor kunngjort både i lokalaviser og på lokalradioar.

 

90-minutt-arrangementa inneheld som oftast ein presentasjon av bilete o.l. Då er det viktig at utstyr er montert i god tid og testa at det fungerer. På Brusdalsheimen låg alt godt til rette for variert bruk av utstyr. Og likevel - altarbiletet var ikkje gøymd bak eit lerret, og namnet "JESUS" lyste klårt og minna dei frammøtte om hovudsaken.

 

Praktiske førebuingar

PR-arbeid

I dag finst det mange måtar å gjere kjent eit arrangement:

 

- avisannonse - SMS
- plakatar - ringe og invitere nokon
- heimeside

- heimesida til kommunen under "Det skjer" e.l.

- Facebook - flygeblad
- nærradio - m.m.

  

Møtelokalet

Eit moderne møterom i dag har eit godt lydanlegg med teleslynge og kanskje lydoverføring ute på kjøken og småbarnsrom. Då kan fleire enn dei som er med inne i salen, høyre kva som føregår. Viktig er det og med gode mikrofonar og å kunne bruke dei rett og justere undervegs i møtet.

 

Fastmontert prosjektor og lerret gjer det også enklare for dei som reiser rundt og skal vise noko frå ein PC.

 

Så er det viktig med god luft. Ventilasjonsanlegg eller utlufting hjelper til slik at folk held seg konsentrerte, og ikkje blir trøytte.

 

Andens medverknad

Likevel må ein erkjenne at det ikkje er teknikk eller rutinar som er det avgjerande for om eit menneske skal bli berørt av Gud. "Ikkje med makt og ikkje med kraft, men med min Ande, seier Herren over hærskarane." Slik står det hos profeten Sakarja, kap. 4 og vers 6. Det fortel oss at skal det bli frukter i Guds rike, må Kristus og Den Heilage Ande få virke. Derfor er det naturleg å be før eit møte. Be om at folk må kome og høyre, og be for talar og dei som har ansvar. Og når ein samlast er det viktig at Guds Ord i seg sjølv får plass i møtet og blir forkynt klårt og reint.

 

Sjå ikkje mørkt på det du har å forvalte - der du bur. Bruk dei ressursane som er tilgjengeleg. Og i tillegg skal du få følgje oppmodinga i Salomos ordtak 16, 3: "Legg alt du gjer, i Herrens hand, så skal planane dine lukkast."

  • Publisert