- Den som kjem til meg, vil eg slett ikkje støyta ut

Dette er den kristne bodskapen sagt med få ord. Og desse orda, sagt av Jesus sjølve, har vore sjølve redningsplanken som mange "skipbrudne" fekk gripe tak i. Dei frammøtte på Innfjorden bedehuskapell i Rauma, den 16. november, blei på ny minte om Jesu omsorg og hans kall til teneste.

Frå misjonsmøtet på Innfjorden bedehuskapell 16. november.
Frå misjonsmøtet på Innfjorden bedehuskapell 16. november.

Utsending frå Norges Samemisjon denne kvelden, Inger Starheimsæter, skriv:

 

Inger Starheimsæter deltok på Landsmøtet 2017 i Stavanger. Ho er medlem av styret i Møre og Romsdal krets. Foto: Ø. Fonn

"Den 16. november var det møte i Innfjorden Bedehuskapell. Det var foreininga "Von" som sto for samlinga. Vi vart ein god flokk.

 

Marie Nyheim leia og opna med Salme 34:1-20. Underteikna talte ut ifrå Salme 119:105. "Ditt Ord er ei lykt for min fot, eit ljos på min stig". Vi lever i ei mørk verd, då treng vi lys. I Guds Ord finn vi vegen til frelse; vi ser vår eiga stilling - at vi er fortapt utan Jesus. Fleire ord vart lesne frå Bibelen, mellom anna Joh 6:37: "Den som kjem til meg, vil eg slett ikkje støyte ut".

 

Vi song fleire songar saman, og deretter vart det servering med mykje god mat. Etter maten orienterte eg om Samemisjonen og las eit rykande ferskt reisebrev frå Finnmark og Kola, skrive av Øyvind Fonn. Etterpå vart det åresalg, og mange flotte gevinstar vart utdelte. Hjarteleg takk til foreininga som så ofte stiller opp for Samemisjonen. Guds signing over arbeidet dykkar!"