Aksjonsveke på Møre med tre faste programinnslag

Forsamlingen på Isfjorden bedehus.
Forsamlingen på Isfjorden bedehus.

På slutten av oktober foregikk det en møteserie i Møre og Romsdal krets der tre faste ingredienser var på programmet alle samlingene: FORKYNNELSE - MISJONSINFO - MISJONSGAVE. Dette er uttalt fra ledelsen skal være et varemerke ved NSM sine møter.

Alle tre fogderia på Møre fekk besøk

Tekst: Gunnar Hauge og Inger Starheimsæter

Foto: Øyvind Fonn

 

Isfjorden bedehusAksjonsveka starta på Giske Bedehus tysdag 26. oktober. Kjell Furnes helsa velkomen og opna med Paulus’ helsing til brørne i Tessaloniki og påminning om forkynninga av Guds evangelium. Inger Starheimsæter, nestformann i kretsstyret, minna i sin tale om Jesu ord til læresveinane då han møtte dei på fjellet i Galilea. Dei fekk eit kall, og dette kallet til teneste har også Samemisjonen fått saman med alle andre som arbeider i Guds rike. Jon Teigen tok fram tre viktige siktemål med samlingane i misjonsarbeidet: God forkynning, informasjon om misjonsarbeidet og misjonsgåve. Norges Samemisjon har ei 133-årig historie å sjå tilbake på i misjonstenesta i det samiske folket. Han minna om biskop Skaar, som fekk utfordringa om at samane skulle få Guds ord på «hjartespråket». Jon Teigen poengterte at i vår tid må arbeidet meir innrettast på ei teneste saman med dei.

 

Onsdag 27. oktober var det Søvik Bedehus i tidlegare Haram kommune som stod for tur. Der er det ei foreining for Samemisjonen, der både kvinner og menn er med. Søvik er nabobygda til Gamlem, der Magne Gamlemshaug kom frå. Olaug Remseth Vikestrand ønskte velkomen og leia møtet. Ho fortalde om arbeidet for Samemisjonen som mange i bygda hadde engasjert seg i gjennom mange år. Gjertrud Olsnes Hauge frå kretsstyret bidrog med eit lyrisk innslag: Framførte to dikt av Halldis Totland Reigstad, hjelpepleiaren som vart forfattar i vaksen alder. Ingbjørn Vingen heldt talen denne kvelden. Han peika på Jesu ord i Bergpreika: De er saltet på jorda! – og fellesskapet, forsamlinga skal vere salt og lys. Vingen har bakgrunn i indremisjonen og har fleire år arbeidd i Finnmark. I si orientering om misjonsarbeidet tok Jon Teigen m.a. fram rolla NSM har hatt som forkynnarbevegelse. Samemisjonen har tidlegare vore ein stor organisasjon, med inntil 117 medarbeidarar på det meste. No er det tid for ei endring, innretta på samarbeid med det samiske folket.

 

Torsdag 28. oktober besøkte Jon Teigen Rovde på Søre Sunnmøre, vi andre hadde fri.

 

Fredag 29. oktober gjekk turen til SørTustna. Jon ynskte velkommen, Inger hadde åpningsord. Øyvind Fonn tala til oss og han viste og ein filmsnutt frå Kola på alle tre møta han var med på. På filmen fortalde Svetlana Sedneva om arbeidet der borte. Som kjent er det ingen som kan reise til Rusland no når grensa er stengt. Men Svetlana driv på. Så arbeidet går sin gang. Jon fortalde inspirerande om Samemisjonen. Etterpå vart det kaffi og gode lefser til alle. Det vart ein god samtale rundt borda. Slike stunder er verdfulle. Vi reiste derifrå og kjende godt at dei var takksame for at vi kom.

 

Etter møtet køyrde vi til Tingvoll. Der tok Maria Reitan i mot oss med god kveldsmat. Etter ei god natts søvn og litt fri, var det festmøte på Tingvollvågen bedehus kl. 16.00. Det var litt spenning i lufta, for der var mange som var ramma av influensa. Men huset vart fullt, sjølv om det var dei som gjerne ville kome som måtte vera heime fordi dei var sjuke. Der vart kaffi og mykje god mat etterpå. Og god prat rundt borda. Folk hadde god tid og dei kunne stille spørsmål, det vart sett pris på. Den kvelden køyrde vi heim til Romsdal og Sunnmøre.

 

Neste dag var det tidleg opp, då skulle vi til Isfjorden på hauststemne. Inger Starheimsæter innleia misjonsfesten med tankar ut frå Mika 7, «Kven er ein Gud som du, ein Gud som tek bort misgjerning». Jon Teigen orienterte om Samemisjonen og veivalget som vart gjort på det ekstraordinære landsmøtet, der det var stort fleirtal blant landsmøtedeltakarane for å vidareføre Norges Samemisjon som eigen organisasjon. I sin tale appellerte Øyvind Fonn m.a. om å gjenreise Samemisjonen og kalle folk til arbeid i dette oppdraget: «Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånytte». (Salme 127:1). Det var fantastisk å møte misjonsvenene. Dei saknar samling om Guds Ord og misjon. Fellesskap med dei andre truande har vi sakna lenge, - du kor godt å få oppleve det igjen. Og «Jesus er i går og i dag den same.» Vi har alle eit kall til teneste kvar på vår plass, alle er like viktige: Taler, omsorgsarbeider og ulike oppgåver, og du som folder hendene og ber for arbeidet. Vi ser verda omkring oss, - tida heretter er kort, snart kjem Jesus og hentar oss heim til seg. Vi som er med i Samemisjonen har vårt arbeid: Å drive indremisjonsarbeid, i blant og saman med det samiske folk. Lukke til og Guds signing der du er.

  • Publisert