Adventsamlingar Romsdal og på Nordmøre
Advent er ei god tid for å samlast og førebu seg på den store høgtida som nærmar seg. I den mørke årstida, kanskje før det har komme snø, er det triveleg med ekstra ljos og pynt som skal minne oss om Verdas ljos, Messias, som kom til jord og til et folk som levde i mørke.

Ekteparet Ove og Kari Laila Aksnes har også i desember reist i kretsen med bibel og gitar i bagasjen. Aksnes har gjeve følgjande korte rapportar:
Fin adventssamling i Syltosen i Fræna om ettermiddagen den 9. desember
Flott musikk av trekspellgruppa, behagelig leiing av Gunnar Holt, og tale og song av Ove og Kari Laila Aksnes. Juleevangeliet vart opplest. Etterpå var det kaffe og kaker. Frammøtet var på 45 personar. Eit flott møte, mykje takka vere Anna Sylte som er primus motor når Samemisjonen arrangerer noko i Sylteosen.
Trivelig adventssamling på Sørheim leirsted på Averøy om kvelden den 14. desember
Hans Futsæter opna samlinga, og Olav Berg og Herborg Bakken var med og spela og sang. Ove Aksnes heldt andakt og informerte om NSM. Mari Seljehaug tok godt imot oss. Ho hadde fyrt i ovnen, og ordna med servering.