Tilbake til «Møre og Romsdal krets»

Møre og Romsdal krets

Det var god allsang på misjonsfesten.

Eit vårmøte på misjonshistorisk grunn

Siste søndagen i mars samla eit samansett misjonsfolk seg til stemne på Nesjestranda i det tidligare Veøy prestegjeld. Første samlinga var i regi av DELK Møre medan serveringa og misjonsfesten seinare på dagen var i regi av Norges Samemisjon, Møre og Romsdal krets.28.04.2019
Edgar Paulsen i Dalsfjord kyrkje 29. mars.

Jim Reeves-kveldar engasjerte publikum på Sunnmøre

Edgar Paulsen deltok på ein serie møter og konsertar i Møre og Romsdal i slutten av mars. Turnéen var i regi av Norges Samemisjon og ga eit pent overskudd til misjonsarbeidet. I løpet veka vart det også informert om Samemisjonen, og siste møtet Paulsen deltok på, var det årlege vårmøtet i kretsen.21.04.2019
Gruppa Kvinneklang gledde dei frammøtte  med fin og god song.

Fullt hus på Samemisjonsbasar

I misjonsbygda Dalsfjord støttar folk godt opp om Samemisjonen sin basar. Laurdag 19. januar var det fullt hus. Kretssekretæren takkar alle som hjelpte til og sørga for ein god kveld og stor misjonsinntekt.25.01.2019
Det var godt frammøte på adventsamlinga på Sylteosen bedehus.

Adventsamlingar Romsdal og på Nordmøre

Advent er ei god tid for å samlast og førebu seg på den store høgtida som nærmar seg. I den mørke årstida, kanskje før det har komme snø, er det triveleg med ekstra ljos og pynt som skal minne oss om Verdas ljos, Messias, som kom til jord og til et folk som levde i mørke.19.01.2019
Frå ei av bibelsamlingane.

Jubileumshelg i Innvik - årets siste jubileumsfeiring

Arrangementet føregjekk første helga i advent på Innvik Fjordhotell, Misjonsheimen. 45 deltakarar hadde funne vegen i det flotte haustvêret. Dei fekk oppleve eit variert program og god bibelundervisning. Slike arrangement på tvers av kretsar er med å styrkje misjonsfellesskapet i ein elles liten organisasjon.17.12.2018
Frå misjonsmøtet på Innfjorden bedehuskapell 16. november.

- Den som kjem til meg, vil eg slett ikkje støyta ut

Dette er den kristne bodskapen sagt med få ord. Og desse orda, sagt av Jesus sjølve, har vore sjølve redningsplanken som mange "skipbrudne" fekk gripe tak i. Dei frammøtte på Innfjorden bedehuskapell i Rauma, den 16. november, blei på ny minte om Jesu omsorg og hans kall til teneste.22.11.2018
Kari Farstad Sundnes og Marit Hildrestrand var ansvarleg for møtet på Brattvåg.

Glimt frå Ytre Sunnmøre

Langs Sunnmørskysten er det mange bedehus. Og framleis finst det trufaste kontaktpersonar som førebur møta, og gjer i stand lokala. Utan desse eldsjelene vert det ikkje misjonsmøte.05.11.2018
Gruppa Adonai frå Valderøya stod for song og musikk.

Vellukka haustmøte på Brusdalsheimen

Møre og Romsdal krets, er ein av få kretsar som har tre kretsarrangement for året: Vårmøte, kretsårsmøte og haustmøte. Talar denne dagen var sekretær Ole Kristen Wastvedt frå Oslo og Romerike krets. Gruppa Adonai stod for song og musikk.07.12.2018

« Tilbake|Flere sider »