Nyttårsfesten for Bergen krets fann stad i Hardanger
Frå begge sidene av Hardangerfjorden kom det folk til festen i Tørvikbygd som har ferjeforbindelse med Jondal. Det kom også folk fra Bergen, Bømlo, Øygarden og Masfjorden og elles frå Kvam herad. Gode støttespelarar frå lokalmiljøet ordna med det praktiske og tok godt i mot.

Gjernigar som Gud føreåt har lagt ferdige
Tekst og foto: Øyvind Fonn
Det var Inge Augestad som var møteleiar og som ynkste velkommen til nyttårsfest både born, ungdomar og vaksne.
Kretsformann Magne Ekanger heldt opningsord og minna om at ein må rekne med Gud i det nye året.
- Alle Guds born har ei oppgåve som er gjeven av Gud. "Vi er hans verk skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige så vi skulle ferdast i dei." Ef 2:10.
- Her ser me at Guds born har gjerningar liggjande framføre seg, som Gud har lagt ferdige for oss, som me skal gjere. Me ser ikkje no i dag kva oppgåver dette er, men i tru til Gud, skal me få leggja oss i hans hender. Og i tillit og fred rekna med at det som me møter av oppgåver, er gjeve oss av vår Herre og Frelsar.
- Eit døme er Josef som av Gud vart sendt til Egypt for å berga slekta si. Korkje han eller brørne eller nokon skjøna at det var Gud som stod bak. Men Gud ordna dette til det beste for Jakob og hans familie. I Rom 8:28 står det: "Vi veit at alle ting verkar saman til det gode, for dei som elskar Gud, dei som etter hans råd er kalla.
- Har Gud vist deg at du er eit Guds barn ved trua på Jesus? Har hjarte ditt blitt fylt av tillit til ordet om Jesus? Då er du hans, då brukar Gud deg som vitne for seg, og legg gjerningar fram for deg som han vil du skal gjera. Kva 2019 vil medføra for oss, veit vi ikkje, men det er trygt å stole på at det Gud vil me skal gjere, det er han med oss om.
- La oss be Gud om visdom og styrke i tru på Jesu sonoffer for oss, og takka for at han har lova å vera med oss alle dagar, også i dette nye året, som me no har starta på.
Å stille truas vengjer rett
Dette var noko av det talaren på festen, Øyvind Fonn, tok fram i talen sin. Når vi møter stormar i livet, skal vi vente på Herren og gjere som ørnen. Når stormen kjem stiller han vengjene slik at vinden løfter han opp mot himmelen og dei høgare luftlag, der det er stille. Vi menneske kan verta motlause og trøytte, når vi ser på oss sjølve. Då er det vi må stole på Herren og hans nåde og kvila i det han har gjort for oss. Når vi ventar alt av Herren, då stiller vi truas vengjer rett. Det er trua på Jesus åleine som kan gje oss kraft også for det nye året. Freistingar, vanskar og veikskap løfter oss oppover når me går til han med det, og trur på hans hjelp og tilgjeving.
Arvid Nilsen fotalde om Aina Toven Malum
Det var avertert i annonsen at det ville vere høve til helsingar og vitnemål. Fleire tok ordet, mellom anna Arvid Nilsen. Han har vore særs aktiv i Norges Samemisjon med heile ni år i landsstyret, deriblant tre år som styreleiar. Han har også vore aktiv i Bergen krets.
Han tok utgangspunkt i noko av det Øyvind Fonn sa då han informerte om Samemisjonen og det sørsamiske folk - og fortalde ei historie om ein tidlegare tilsett i misjonen, Aina Toven Malum.
- Ho budde i Sør-Trøndelag, og verka i heile det sør-samiske området som diakoniarbeidar for Samemisjonen. Ein gong vitja ho ein sjukeheim. Der var det ei dame som snakka og ikkje ga fred, men ingen forstod henne, korkje på sjukeheimen eller folk i nærområdet. Då Aina kom inn, høyrde ho med det same, kva dama var oppteken av. Ho snakka på sitt samiske morsmål, og var i syndenaud. Då fekk Aina vere til hjelp og be på både hennar og pasienten sitt morsmål, sørsamisk. Pasienten vart då roleg.
- Aina er no heime hos Gud, men dette vitnemålet kjem eg aldri til å gløyme. Foteljinga syner at det er nokre menneske som har fått ei gudgjeven oppgåve å gå til einskildmenneske, slik som treng trøyst og fobøn, på sitt eige språk.