Fagertundag 2018
Årets Fagertun-dag blei arrangert samme helga som kretsmøtet. Folk frå bygdene omkring er flinke til å slutte opp om denne dagen, og det blei fullt hus med alle generasjonar til stades.

Ein barnetrio deltok på Fagertundagen. Mikrofonen gjekk frå den eine til den andre, og jentene gjorde nok eit sterkt inntrykk på oss alle.
Tekst og foto: Ingebjørg Hoff Kallestad
Søndag 10. juni gjekk den årlege Fagertun-dagen av stabelen. Dette var avslutninga på ei lang og innhaldsrik helg på leirplassen, med styre- og årsmøter, bibeltimar og misjonssamlingar.
På Fagertun-basaren var det tre trekningar med åresalg og dessutan trekking av bøker. Det blei ei riktig feststemning med medbrakt mat, sal av pølser, is og brus, men óg jubileumskake i anledning NSM sitt 130-års jubileum.