Betania - ein god misjonsheim

I Eid kommune i Nordfjord har dei regelmessige fellesskapssamlingar i regi av Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband. Sundag 26. august var det Samemisjonen som kom på besøk med informasjon om sin del av norsk misjonsverksemd.

Pynt som levande ljos og friske blomar viser at ein set pris på dei besøkjande. Her skal ein kjenne seg heime. Det er også mykje god bibelsk symbolikk i desse tinga.
Pynt som levande ljos og friske blomar viser at ein set pris på dei besøkjande. Her skal ein kjenne seg heime. Det er også mykje god bibelsk symbolikk i desse tinga.

Eit levande fellesskap

Samlingane føregår på ulike plassar i kommunen. Denne gongen var det det Bedehuset Betania i Kjølsdalen som var møteplassen. Ein fin flokk frå fleire bygder i Nordfjord var møtt opp, og talarstolen var denne kvelden "utlånt" til Ove Aksnes, sekretær i Møre og Romsdal krets. Han og kona, Kari Laila, deltok med song, tale og misjonsinformasjon. Det var også andre i forsamlinga som deltok med song og musikk. Aksnes er takknemleg for mottakinga som dei fekk av Randi Heggheim.

 

Eit levande fellesskap har også omsorg for trivsel og føde. Sjølv Jesus fekk godt stell då han besøkte heimen til Marta, Maria og Lasarus i Betania. Då det meste av programmet var over, var det tid for kaffe og servering. Spesielt kjærkomment for dei med lang reiseveg heim.

På podiet i Betania står ein gamal og ærverdig talarstol. Den er truleg komen i frå Davik gamle kyrkje. Foto: O. Aksnes.

  • Publisert