Årsmøtet i Bergen krets er godt nøgd med nyrenovert leirstad
Helga 8.-10. juni var det kretsmøte og Fagertun-dag i Eksingedalen. Det var med spenning og forventning mange reiste til "fjells" denne helga, både for å sjå "nye" Fagertun og dessutan vera med på eit variert program, der også dagleg leiar Roald Gundersen deltok.

Tekst og foto: Ingebjørg Hoff Kallestad
Fagertun viste seg frå si beste side
Sjøv om vegane inn til Fagertun er tronge og svingete er det verdt å ta turen til denne idylliske leirplassen. Vi starta allereie fredag kveld med felles møte mellom kretsstyret, Fagertun-styret og barne- og ungdomsrådet. Laurdag vakna ein opp til fuglekvitter og sol frå blå himmel og sommarvarme.
Nyoppussa leirplass
Sidan arbeidet starta i desember, er det mykje som har vorte gjort der. Mange arbeids- og dugnadstimar er lagt ned. Byggmeister Per Augestad har og brukt laurdagane til dugnad. Det største arbeidet er nok gjort i underetasjen der matsalen er heilt ny, ny handicap-WC og -dusj, nytt golvbelegg på kjøkken og gong, men og to overbygg og tilbygg ute m.m. Og det meste var klart då leirane starta opp igjen rett etter påske.
Som ein ekstra takk for innsatsen vart det på ei av samlingane denne helga delt ut ei gåve til dei som har hatt hovudtyngda med arbeidet. Formannen i Fagertun-styret Jostein Rene og kretsformann Magne Ekanger delte ut fire sameknivar, bestilt frå knivsmed Strømeng i Karsjok, til byggmeister Per Augestad, elektrikar Oddgeir Bjørge, og to lokale som har lagt ned utruleg mykje arbeid på Fagertun gjennom mange år: Asbjørn Lavik og Oddvar Fosse. Ei spesiell helsing og gåve gjekk til Anne Margrethe Eikefet som har vore ein av dei som har stått på til alle tider m.a. på kjøkkenet. Ho fekk blomar.
Besøk frå Oslo og Romerike krets
Ole Kristen Wastvedt er kretssekretær i Oslo og Romerike krets. Han heldt bibeltimen som starten på årsmøtet. Han talte også på kveldsmøtet og på Fagertun-dagen neste dag. På eit av møta forkynte han ut frå Matt 20:1-16 om ein arbeidsgjevar som ikkje er som alle andre. Gud vil ha alle i si teneste. Ingen treng stå ledige på torget. Vi skal få vera med å driva inn hausten. Må Gud hjelpa oss til å leva annleis og skilja oss ut. Han talte og om at Jesus er vegen sanninga og livet.
Frå årsmøtet:
I dei nye styra er det berre små forandringar.
I kretsstyret sit no Magne Ekanger, formann, Inge Augestad, Erik Kvinge, Vilhelm Gravdal og John Alfred Brennsæter. Vara: Jostein Kringlebotten.
I BUR sit Kjersti Brennsæter, leiar, John Alvheim, Ågot Lavik, Johan Gravdal og Jan Ole Høiby Hansen.
Utsendingane til årsmøtet, ca 20 i talet, fekk høyra om planar framover. Dagleg leiar Roald Gundersen frå hovudkontoret i Tromsø, peika på at det er viktig å bruka pengar på leirarbeidet og forkynning for barn og unge.
Neste storsamling i kretsen blir på "Karmel"
I løpet av helga vart det delt ut ein god del loddbøker til kretslotteriet som vi planlegg å ha til hausten. Trekkinga vil føregå på ei storsamling på «Karmel» i Blomsterdalen. Den blir 20. oktober.
Så har vi all grunn til å vera optimistiske med tida som ligg framfor. Legg vi alt fram for vår himmelske Far i bøn, kan vi stola på at Han fortsatt vil velsigna oss rikt.