Årsmøte i Hordaland krets
Årsmøtehelga vart halden i samarbeid med Lys over land, med felles måltid, bibeltime, misjonsfest og sundagsmøte.

Årsmøtehelg Hordaland krets, Norges Samemisjon laurdag og sundag 6.-7. april 2024.
Helga vart halden i samarbeid med Lys over land, med felles måltid, bibeltime, misjonsfest og sundagsmøte. Laurdag ettermiddag gjekk vi kvar for oss for å halda årsmøte. Årsrekneskapen vart teken til vitande, og ein tek sikte på å kunne leggja det fram på Fagertundagen 9. juni. Årsmeldinga vart drøfta, og det kom fram ei usikkerheit om framdrifta av krinsarbeidet, sidan regionleiar Vidar Nes Mygland er sagt opp frå 1.april.
Eit synspunkt som kom fram var at i krisetider bør ein heller satsa meir, og at det var drastisk å seia opp Mygland med såpass lite erfaringsgrunnlag. Som eit tiltak kom det fram eit framlegg om å tilsetja ein person i ein stillingsbrøk som kan arbeida med å leggja til rette for møteverksemda i krinsen.
Vilhelm Gravdal, (som song vakkert på sundagsmøtet,) gjekk ut av styret. Ny inn i staden kjem Knut Dale. Jostein Kringlebotn tok attval.
Formann i Husastyret for Fagertun, Bjart-Magnus Ndogo Rosvold orienterte om planar for leirstaden vår i Eksingedalen, - Fagertun. Det er særs gledeleg at barne- og ungdomsrådet og Husastyret arbeider godt og vil arbeida for at born og unge også i framtida kan ha ein fin stad å samlast til fellesskap og evangelisk arbeid.
Samarbeidet med Lys over land om kretsårsmøte-helga, vart til stor velsigning for begge gruppene. På misjonskvelden fekk vi innsyn i arbeidet mellom muslimane i Senegal og for Samemisjonen fortalde Inger Anna og Bjarne Gustad om vårt arbeid for og saman med samane.
B.G.