Diakoni i Nesseby og Tana
Diakon Lars Nessa held oppe ein lang tradisjon i Noregs Samemisjon.

Husbesøk, sjelesorg og diakoni har stått sentralt i Samemisjonen si verksemd i over hundre år. I frå byrjinga av 1900-talet bygde misjonen opp sjukestover, gamleheimar, borneheimar og andre diakonale tenester i heile det samiske busettingsområdet i Noreg. På denne tida makta ikkje stat og kommune alle oppgåvene. Dette var lenge før "velferdsstaten" blei eit omgrep.
Etter den andre verdskrigen var det på ny bruk for Noregs Samemisjon. Store delar av Finnmark var brent og skulle gjenreisast. Også nå var den norske staten veik. Det var mykje å ta tak i etter fem år med krig og okkupasjon. Kristenfolket samla seg om Noregs Samemisjon som frå før hadde folk, kontaktar og ein sterk organisasjon nordover i landet. Ved hjelp av frivillige gåver frå folk i heile landet medverka Samemisjonen til å byggje ut det sosiale velferdstilbodet i nord. Mange eldre menneske kan ennå fortelje om korleis fattigdom og naud var ein røyndom i etterkrigsåra. Etter kvart var det naturleg at stat, fylke og kommune tok over helsestell og sosiale tenester. I 2003 overdro Samemisjonen den siste heimen til det offentlege. Det var Lebesby aldersheim i Finnmark.
Lars Nessa kom til Tana og Nesseby på 1980-talet. I ei årrekkje var han styrar på Nesseby aldersheim i Aust-Finnmark. Han fekk også fleire år som soknediakon. Nå vitjar Lars Nessa Tana og Nesseby to gonger i året som frivillig arbeidar i Noregs Samemisjon. I tillegg til å halde møte nyttar Lars Nessa tida til å vitje folk og samtale om liv og tru. Det er ein lang og god diakonal tradisjon Lars Nessa held oppe.