Samemisjonen samlar mykje folk i Ytre Nordfjord

Samemisjonen har frå lang tid tilbake hatt eit godt fotfeste i Ytre Nordfjord. Her har vore vekkjingar og levande trusformidling gjennom fleire organisasjonars arbeid. Det er gledeleg å sjå korleis også NSM sitt arbeid vert verdsatt og støtta av det lokale misjonsfolket.

Omlag 30 personar deltok på misjonssamlinga på Fjordly ungdomssenter den 3. mai.
Omlag 30 personar deltok på misjonssamlinga på Fjordly ungdomssenter den 3. mai.

Fjordly ungdomssenter - eit sentrum

Harald Svoren frå Måløy gledde forsamlingen med song og vitnesbyrd. Foto: Ove AksnesDen 3. mai var det igjen tid for "90 minutt med Samemisjonen" på Fjordly ungdomssenter. At Fjordly i Vågsøy kommune er eit sentrum for kristent arbeid i området, fekk ein tydeleg sjå etterkvart som bilane frå ulike bygder omkring rulla inn på tunet. Tilsamman møtte omlag 30 personar.

 

Ove og Kari Laila Aksnes hadde teke turen frå Dalsfjorden i Volda. Ove tala og Kari Laila deltok med song. Som vanleg i 90-minutt-opplegget, stod også misjonsinformasjonen sentralt, og det kom inn ei gåve til Bergen krins av Norges Samemisjon på kr 4750.

Meir song og musikk

fekk tilhøyrarane med at Harald Svoren fra Måløy deltok. Han gledde forsamlingen med trekkspel, song og eit fint vitnesbyrd. Det blei alt i alt ein fin kveld som vart avslutta med kaffi, kaker og kjeks.Utsikt frå Fjordly ungdomssenter som er eigd av Normisjon region Sogn og Fjordane. Foto: fjordly.no