Nyttårsfest for Bergen krins

Den årlege nyttårsfesten for Bergen krins vart arrangert 13. januar på Kyrkjekrinsen bedehus i Åsane. Rundt 30 personar var samla til variert program.

Ca 30 personer var samlet til nyttårsfesten.
Ca 30 personer var samlet til nyttårsfesten.

Det var ei fin stund der me hadde besøk frå Osterøy av Audun Hjelvik som talte Guds Ord til oss. Kjersti Brennsæter gledde oss med fin song. Glimt frå Finnmark fekk me når Inge Augestad leste frå boka til Alf Kristian Tellefsen. Anne Margrete Eikefet fortalde om arbeidet som går føre seg på leirstaden Fagertun.

 

Og me blei servert flotte smørbrød og kaffi og kaker. Festlyden la etter seg vel kr 7000. Slik blei det ei vellukka samling.

 

  • Publisert