Leirsesongen startar på Fagertun i april

På Fagertun leirstad skjer det mykje denne våren. Byggje- og renoveringsarbeidet går mot slutten, og i juni skal det vere kretsårsmøte. Men allereie i april byrjar leirane.

Fagertun leirstad før byggje- og renoveringsarbeidet.
Fagertun leirstad før byggje- og renoveringsarbeidet.

Dei som står bak drifta av Fagertun har satsa mykje siste året. Samemisjonen har ytt økonomisk tilskott, og mange dugnadstimar er lagt ned av frivillege. No gjeld det at plassen vert brukt slik han er tenkt - og då til leirarbeid og misjonsstevne fyrst og framst. Men lokala eignar seg også godt til stevne og ulike selskap. Eiga oppdatert nettside vil bli utarbeidd etterkvart.

 

Har du lyst å vere med som leiar eller som dugnadshjelp, så ta kontakt med kretskontoret. Du kan bruke kontaktskjemaet på kretsen si forside.

 

 

  • Publisert