Fellesskapssamlinga på Stårheim samla mykje folk

I Eid kommune i Nordfjord har dei regelmessige fellesskapssamlingar. Sundag 25. februar hadde dei bede Samemisjonen om å kome til Stårheim og fortelje frå arbeidet.

Når ein samlast frå heile kommunen, vert ein mange. Foto: Ove Aksnes
Når ein samlast frå heile kommunen, vert ein mange. Foto: Ove Aksnes

Fellesskapssamlingane som føregår på ulike stader i kommunen, er i regi av Normisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband.

 

Ove og Kari Laila Aksnes deltok med tale, sang og musikk og misjonsinfo. Over 50 personer var til stades, og det vart ein fin ettermiddag og eit godt fellesskap.

 

  • Publisert