Husmøte populære i Samemisjonen

Nordpå er husmøte vanlege. Nå tek Samemisjonen denne møteforma i bruk også sørpå.
Sør i Noreg må ein helst søkje opp gamle folk på bygdene for å finne nokon som minnest husmøta. Dei siste generasjonane er det bedehus og faste misjonslag som har samla misjonsfolket. Nå er desse samværsformene på tilbakegang mange stader. Men husmøta tek til å bli populære igjen.
Alt i oldkyrkja var husmøta vanlege. Me høyrer om husmøte i Apostelgjerningane og i Paulus' brev i Det nye testamentet. Ein heim opnar dørene til ei enkel samling om Guds ord. Vertsfolket bed inn naboar, slektningar og kjenningar. Det kan vere frå fire-fem stykk og opp til tjue eller tretti menneske. Er det predikant tilgjengeleg, får han i oppgåve å preike. Elles les ein frå skrifta eller vitnar om livet saman med Jesus. I husmøtet er gjerne songen viktig – ein syng salmar og åndelege songar. Så blir det høve til å snakke saman. Helst lyt ein styre praten inn på Guds ord, elles sporar han fort av. Men dersom vertsfolket set fram kaffi og eit kakestykke, høyrer det også med at flokken utvekslar nytt frå bygd og by. På denne måten byggjer ein fellesskap - både åndeleg og menneskeleg.
På Fevik i Grimstad var det husmøte tysdag 25. oktober 2022. Stua til Gerd Torhild og Norman Risholm var fylt til randen. I alt tjue menneske fann vegen denne kvelden. Predikant var Alf Kristian Tellefsen. Det blei sunge og fortalt nytt frå misjonen. Slike møte er med og bind misjonsfolket saman. På Agder er det tett mellom misjonsvennene. Det er det ikkje alle stader. Likevel er også dei små husmøta verdifulle som reiskap for å byggje fellesskap og for å nå ut til medmenneske i kvardagen.