Fullt hus på det gamle skolehuset
Folk kom langvegs frå for å oppleve eit gamaldags misjonmøte med Samemisjonen.

Samemisjonen har mange vener på Agder. På garden Hørte i Øvre Landvik i Grimstad blei den vesle skolestova full då Samemisjonen heldt kveldsmøte onsdag 16. november. Møtelyden talde 23 personar. Med mørke, vind og regn utanfor var det likevel fest inne.
I si opning synte Kristian Hørte til apostelen Filip sine ord i Johannes 1, 46: "Kom og sjå!". Elles talte Alf Kristian Tellefsen Guds ord. Hildegunn Endresen song og spelte. Og regionleiar Torbjørn Bjorvatn fortalde frå misjonen sitt arbeid i sør, i nord og på Kola-halvøya.
Predikant Alf Kristian Tellefsen har ei lang teneste i Noregs Samemisjon. Han var fyrste gongen og talte på Hørte i 1958.