Skifte i toppen

1. september får Noregs Samemisjon ny generalsekretær. Leif Halsos tek over etter Torbjørn Bjorvatn.

BILETE: Torbjørn Bjorvatn

 

- For meg har det vore ei ære og ei glede å arbeide i Noregs Samemisjon, seier Torbjørn Bjorvatn

 

Han fortel sjølv grunnen til at han nå gjev seg:

 

- Etter jul tok eg til å kjenne at kreftene ikkje strekte til. I april laut eg trekkje inn årene. Det vart 2 ½ år i misjonen.

 

Torbjørn Bjorvatn utdjupar:

 

- Oppgåva blei til slutt for stor. Men mykje er gjort, og mange prosessar er avslutta. Eg håper misjonen vil få nytte og glede av dette i åra framover. Eg opplever i det heile at Noregs Samemisjon er i god utvikling. Me ser at Herren verkar også gjennom denne arbeidsgreina. Det er godt at Samemisjonen finst! Eg vil ønskje landsstyret og Leif Halsos Guds velsigning og alt godt for den neste etappen. Leif Halsos har leia organisasjonen før og har lang røynsle, brei tillit og stor kunnskap om samiske tilhøve. Eg trur Leif vil få ei rik og fin tid i Noregs Samemisjon.

 

Den avtroppande generalsekretæren har ikkje dei vidare planane heilt klare for eigen del.

 

- I skrivande stund veit eg ikkje kva neste steg blir. Eg er mest av alt takksam for at Noregs Samemisjon er i gode hender - med eit godt landsstyre, ein ny dagleg leiar og gode tillitsvalde og tilsette. Eg kjenner takksemd for tida eg fekk i misjonen og er viss på at Herren vil vise veg vidare.

  • Oppdatert