Helsing frå generalsekretæren
I jule- og nyårshelga er det lurt å stanse opp. Det er ei god tid for ettertanke.
Midt i mørketida – skábma – feirer me to høgtider. I jula minnest me at «Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss.» I nyårshelga tenkjer me på året som gjekk og det nye som ligg føre. Begge høgtidene har sitt opphav i vintersolkverv, då sola snur og verda rundt oss smått om senn vaknar til live att.
I Noregs Samemisjon gav året 2023 mykje å glede seg over. Guds ord blei forkynt rikeleg – til trøyst og oppmuntring, vekking og frelse. Gjennom året er det bede tallause bøner, gjeve millionar av kroner, lagt ned tusenvis av dugnadstimar og synt stor omsut og nestekjærleik.
Året som ligg bak oss, baud òg på vanskar. Krigen og sanksjonane stengjer framleis dørene til Russland. Og meldingane frå Kola-halvøya fortel at den lutherske kyrkja slit, både i byen Murmansk og på småplassane. Mange samar har det vanskeleg – åndeleg, lekamleg og sosialt. Dersom Herren framleis kan nytte Samemisjonen i si teneste i Nordvest-Russland, bed me om vilje til å gå, visdom i vegval og opne grenser. Lukkast det ikkje i 2024, veit eg ikkje kva tid det skal skje.
Det siste året er eg blitt var at den læstadianske rørsla held på å dø ut i mange samiske bygdelag i Finnmark og Troms. For meg er dette ei sorg. Og eg ser det som eit stort tap for det samiske samfunnet. Kva kjem i staden for den trufaste kyrkjegangen, songane og salmane, Luther-postillen og samlingane i heimane og på bedehusa? Vil Gud sende nokon annan til det samiske folket? Eller vil Gud ruste Samemisjonen til å tene slik at menneske vaknar opp og vender om, finn trøyst i livet, von for framtida, gler seg over nåden og tener forsamlinga?
Menneskeleg tala er Noregs Samemisjon liten og veik. Likevel er det nett slike Herren kallar. Difor lyt me overlate til Gud korleis dette skal skje. Gud – «som vart menneske og tok bustad mellom oss» – har svara når me kavar med spørsmåla. Gud veit korleis evangeliet skal nå ut til nye generasjonar. Korleis Guds Ande skal finne vegen inn i gamle, forherda hjarto. Korleis folk i sørsamisk, lulesamisk, pitesamisk, nordsamisk og kolasamisk område skal få eit møte med Guds nåde. Gud ser menneska i storbyvrimmelen i Murmansk og i Oslo. Gud kjenner dei som sit aleine i ei gjeterhytte på vidda.
Vil me i Samemisjonen få oppleve noko av dette i 2024? Noko av Guds kraft og Guds kjærleik mellom menneske i vår tid? Ja, det trur eg at eg kan love.
Torbjørn Bjorvatn,
generalsekretær