Generalsekretæren delvis sjukmeld
I eit par veker skal Torbjørn Bjorvatn arbeide kortare dagar.
- Ja, eg har nok køyrt litt hardt over tid. Då lyt ein ta det litt rolegare, seier Torbjørn.
- Eg er ikkje åleine om å kjenne på krysspresset mellom å spare pengar og å stå på for misjonen. Det gjeld både frivillige og tilsette medarbeidarar - og ikkje berre i vår organisasjon. Nå har me eit høve til å drøfte desse spørsmåla meir allment i landsstyret, seier generalsekretær Torbjørn Bjorvatn.