Edvard Masoni – misjonær og sameaktivist for 100 år sidan

To forskarar på Samisk høgskule i Kautokeino har skrive biografi om ein omstridd og særmerkt mann. Det er blitt ei annleis og viktig misjonsbok.

BOKMELDING

 Av Torbjørn Bjorvatn

 

Edvard Masoni (1870-1930) var misjonær, forkjempar for samiske rettar og ei tydeleg røyst i si samtid. Edvard Masoni var pitesame frå Rana i Nordland. Han var fødd inn i små kår og fattigdom. Foreldra døydde tidleg. Men Edvard var evnerik. Han gjekk på misjonsskulen i Stavanger, tok lækjarutdanning i USA og arbeidde som misjonær i Kina i om lag 20 år – først for Kinamisjonsforbundet, så som sjølvstendig utsending.

Strilynt

Edvard hadde ein sterk personlegdom og framom alt ei stor rettferdskjensle. Han talte heile livet dei undertrykte si sak. Han var ikkje redd styresmakter eller autoritetar. Han bøygde ikkje av sjølv om han fekk uvenner. Kan hende var han i overkant strilynt og sta. Likevel lyt me lytte til denne mannen. Endå i dag har han ein bodskap som taler inn i vår tid. Me kan òg lære av han som menneske. Denne sjeldne mannen ofra si helse og sin ungdom i teneste for andre. Aldri gav han opp si sterke tru på Gud.

Augevitne

I Kina var Edvard Masoni i to bolkar som pionermisjonær og misjonslækjar. Han meistra mandarin munnleg og skriftleg og hadde gode kontaktar både blant folk flest og blant embetsmenn. Dette var ei tid med store omveltingar i Kina. Edvard Masoni opplevde den gamle tida med keisardøme og den nye tida med president. Han fortel at han sakna den gamle klesdrakta og hårpisken som kinesiske menn brukte før. Likevel helste han den nye styreforma velkomen. Edvard Masoni skreiv heim til Noreg om det han såg og opplevde. I denne lagnadstimen for Kina var pitesamen frå Nordland augevitne – og den einaste norske «utanrikskorrespondenten» som skildra hendingane for norske lesarar.

Uvenner

Edvard Masoni var ein varm kristen og ein glødande evangelist. Han fann seg likevel aldri til rette i det kyrkjelege landskapet i Noreg. Tvert imot – han fekk mange uvenner. Etter første bolken som misjonær braut Edvard Masoni med Kinamisjonsforbundet. Ikkje nok med det, han reiste rundt på bedehus på Sørvestlandet og talte Kinamisjonsforbundet midt imot. Særleg tok han eit oppgjer med vekkingsforkynninga til predikantar som Sven Foldøen. Edvard Masoni kunne samle fleire hundre menneske på sine møte.

 

Finnemisjon

Dette var i den moderne samemisjonen si første tid. Norsk Finnemisjon var komen i stand i 1888. I 1910 blei ei rivaliserande rørsle stifta: Det norsk-lutherske finnemisjonsforbund. I 1925 ble dei to slegne saman til det som i dag er Noregs Samemisjon. Samen Edvard Masoni var sterkt kritisk til desse finnemisjonsselskapa. Han meinte misjonen talte nedsetjande om samane og stakkarsleggjorde det samiske folket i sin iver etter å samle inn pengar.

Aktuell

På dette punktet er Edvard Masoni framleis aktuell. Me må nok erkjenne at noko av språkbruken som blei brukt av finnemisjonsleiarane i tidsbolken 1900 til 1930 er framand for oss i dag. Men også i vår tid lyt me som nordmenn vakta oss for å gjere samane eksotiske eller tenkje på dei som eit «misjonsobjekt». Sanninga er vel heller den at det ofte er meir gudstru og bibelkunnskap blant samane enn blant nordmenn. Men avstandane i dei samiske områda er store, og det kan vere langt til prest og kyrkje. Difor er det ein god ting at nordmenn er med og støttar kristen forkynning på samisk og predikantbesøk på vidda og på småplassane. Det er solidaritetsarbeid i praksis.

Viktigare

Som forkynnarrørsle er kan hende Noregs Samemisjon endå viktigare i dag enn på Edvard Masoni si tid. Den læstadianske vekkinga er gått sterkt attende i samiske strok. Det er få samisktalande predikantar att. Samstundes har Den norske kyrkja omfamna eit liberalt bibelsyn, som skil ho frå den tradisjonelle samiske kristenarven. Difor trengst Noregs Samemisjon framleis, ikkje minst for dei samane som held fast på eit konservativt bibelsyn og evangelisk-luthersk kristendom. Framover treng Noregs Samemisjon å oppmuntre og utruste samiske menn og kvinner til vitneteneste og ansvar i den kristne forsamlinga. Det er fint om Samemisjonen kan bli meir «samisk», slik Edvard Masoni etterlyste.

Armod

På Edvard Masoni si tid var det stor armod og sosial naud mange stader. Truleg var stoda verre i delar av Troms og Finnmark enn i landet elles. Velferdsstaten var ennå ikkje oppretta. Finnemisjonsselskapa bygde og dreiv sjukestover, barneheimar og eldreomsorg der slikt ikkje fanst frå før. Gjennom den diakonale verksemda spelte finnemisjonsselskapa ei viktig samfunnsrolle. Igjen lyt me sjå på misjonen sin innsats som solidaritetsarbeid mellom nordmenn og samar – altså ei motvekt til fornorskingspolitikken som staten stod for. Eg trur ikkje misjonens menn og kvinner gjorde alt rett på Edvard Masoni si tid. Likevel tenkjer eg Edvard Masoni kan hende var for streng i sin einsidige kritikk.

Merksemd

Sjølv om ein ikkje er samd i alt Edvard Masoni stod for, fortener han vår merksemd. Han var utan tvil ein av dei største mennene i Noreg i sin generasjon. Det er på høg tid at biografien om han nå er skriven. Edvard Masoni heldt fast ved ei sterk tru på Gud, og han brann i tenesta for sin neste. Slik sett er han eit førebilete for kristne til alle tider.

 

-----------

OM BOKA: Jon Todal og Lovisa Mienna Sjöberg: «Edvard Masoni – ein samisk misjonær i kolonialismens tidsalder» (282 sider). Boka er skriven på nynorsk og svensk. Ho er gjeven ut på Pax forlag i 2023.

  • Oppdatert