Krinsårsmøte i Bergen krins
Laurdag - søndag 6.-7. april er det krinsårsmøte i Bergen krins av Noregs Samemisjon.
Landsforkynnar i Noregs Samemisjon, Bjarne Gustad, og misjonssekretær Inger Anna Gaup Gustad vert med på samlinga. Ekteparet bur i Kautokeino.
Bibeltimar og anna forkynning vert saman med Lys over land, som også er samla på Fjell-ly denne helga.
Det er høve til å vere med på heile helga med både overnatting og mat. Du kan òg delta berre på dagtid, med eller utan mat.
Program for samlinga med klokkeslett og prisar kjem seinare.
Påmelding til Inge Augestad, mobil 41 33 82 95.